Hopp til innhald

Noregs dokumentarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulisteinen er det eldste dokumentet i registeret.
Foto: Arne Kvitrud, 2011

Noregs dokumentarv er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCO sitt Verdsminne-program (Memory of the World),[1] som skal bidrage til å verna og tilgjengeleggjere verda si dokumentarv og framstå som menneskja sitt kollektive minne.

Dokumenta er valde ut av den norske komiteen for verda si dokumentarv på grunnlag av nominasjonar i hovudsak frå arkiv, museum og bibliotek. Registeret vart opna 8. februar 2012 med eit innhald på seksti dokument og dokumentgrupper/arkivsamlinger. Det meste er tradisjonelle papirdokument, men registeret omfattar òg andre medium som runestein, fagforeiningsfane, filmnegativ, radioopptak og digitalfilm. Tidsspennet er på rundt tusen år.

Ved val av dokument til Noregs dokumentarv tek ein utgangspunkt i internasjonale kriterium, som er skildra i General Guidelines to Safeguard Documentary Heritage frå verdsprogramme. Ein vurderer aktuelle dokument ut frå hovudkriteria autentisitet (dei må - i hovudsak - vere originale) og at dei er unike.[2] Det siste inneber mellom anna at dokumenta må vere uerstattelege, og at dei må ha hatt (eller ha) vesentleg samfunnsmessig tyding eller representere hendingar eller fenomen som har hatt slik tyding.

Den nasjonale tydinga kan speglast i eit eller fleire av følgjande kriterium:

  1. Tid: Dokumentet er ein viktig tidsmarkør for til dømes ei sosial, politisk eller kulturell endring. Dokumentet representerer ei ny oppdaging eller er i seg sjølv det første i sitt slag.
  2. Stad: Den geografiske eller institusjonelle tilknytinga til dokumentet er viktig. Staden (og informasjonen det gjev om staden) er viktig for Noreg. Kanskje gjev det opplysningar om stader som ikkje lenger finst.
  3. Menneskjer: Dokumentet og konteksten det er i viser viktige sider ved menneskelege handlingar eller ved politisk, sosial, industriell eller kunstnarisk utvikling.
  4. Emne/tema: Dokumentet representerer tematisk viktige utviklingstrekk innan historie, vitskap, politikk, idrett eller kunst.
  5. Form/stil: Dokumentet har ein særleg estetisk, stilistisk eller språkleg verdi, kanskje særleg om form og format er i ferd med å forsvinne.
  6. Kulturell, åndeleg eller religiøs verd: Her krevst det at dokumentet har denne verdien i dag.

Den norske komiteen for verdas dokumentarv vurderer dei framlegga som kjem inn og avgjer kva for dokument som skal med i registeret. Arne Skivenes, frå Bergen byarkiv, var leiar for komiteen i 2012.

Tabellen under syner dei dokumenta og dokumentsamlingane som utgjer Noregs dokumentarv. Registeret blei skipa i 2012. Det har vore ny nominasjonsrunde i 2014 og 47 dokument vart nominerte.[3] Avgjerda om kva for dokument som kjem på lista vart publisert 2. desember 2014.[4] I 2016 vart det gjennomført ein ny nominasjonsrunde, 12 nye registreringar vart førte inn i registeret 9. desember 2016.[5] Endå ein ny nominasjonsrunde fann stad i 2018. Av 24 nominasjonar vart 7 innførte i registeret 7. desember 2018.[6]

I kolonnen «Referanse» er lenkjer til skildringar frå dei som har gjort framlegg om dei respektive dokumenta med grunngjeving for kvifor dei bør med. Fire av dokumenta blei automatisk vald inn i kraft av at dei allereie tilhøyrde registeret over Verdas dokumentarv. Det gjeld Lepraarkiva i Bergen, arkivet til Thor Heyerdahl, Henrik Ibsen sitt Et dukkehjem og filmen Roald Amundsens sydpolsferd. Sophus Tromholt sitt fotoarkiv vart ein del av verdas dokumentarv i 2013.

DokumentSkildringCa. årstalArkivstadInnvalsår IllustrasjonReferanse
Brosjyresamlinga til ArbeidarpartietStort sett komplett samling av brosjyrer og løpesedler produsert i samband med valg fra partiets stiftelse1896–1997Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek2012
Hovudavtalen av 1935Grunnavtalen mellom Landsorganisasjonen og Norsk Arbeidsgiverforening om samarbeidet mellom partane i arbeidslivet; signert eksemplar av den første avtalen1935Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek2012 [daud lenkje]
Stiftelsesprotokollen til LOHandskriven protokoll frå stiftingsforhandlingane1899Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek2012
NordlandshandelarkivaBryggenEi rekkje arkiv etter nordlandshandlere, etter gardar på Bryggen, samt nokre privat- og organisasjonsarkiv1702–1942Bergen byarkiv
Universitetsbiblioteket i Bergen
2012 [daud lenkje]
Borgarbok for BergenDen einaste originale borgarboka i landet, og ein av få arkivkjelder som overlevde bybrannen i Bergen i 17021550–1751Bergen byarkiv2012
Grunnleigebøker for BergenSeks protokoller som beskriver byens eiendomsstruktur og tomteinndeling1686–1854Bergen byarkiv2012 [daud lenkje]
GriegsamlingaTestamentert materiale etter Edvard Grieg: notemanuskript, dagbøker, brev, konsertprogram m.v. Omfattar også originalmanuskriptet til Klaverkonsert i a-moll, opus 16, som er seg i Nasjonalbiblioteket.1843–2007Bergen offentlige bibliotek2012
Lepraarkiva i BergenDokumentasjon av det vitskapelege gjennombrotet i forståelsen av lepra (spedalskhet); arkivet er eit VerdsminneFleire arkiv i Bergen2012
Arkivet etter Det Kongelige Norske Videnskabers SelskabProtokollar, brev, premiesøknadar m.m. frå Noregs første vitskaplege institusjon1760–1860NTNU Universitetsbiblioteket2012 [daud lenkje]
Bjørnstjerne Bjørnson: Ja, vi elskerDiktarens handskrive original1859NTNU Universitetsbiblioteket2012 [daud lenkje]
Privatarkivet til Sverre PedersenEi stor mengde teikningar, planar, artiklar, tidsskrifter m.v etter ein av Noregs fremste arkitektar og byplanleggarar1900–1970NTNU Universitetsbiblioteket2012 [daud lenkje]
Arkivet til Thor HeyerdahlFotografi, film, dokumentar og manuskript frå forskinga og ekspedisjonane til Heyerdahl); arkivet er eit VerdsminneKon-Tiki Museet og Nasjonalbiblioteket2012
Arkivet etter Festspillene i BergenArkiv, inkludert foto og ljodopptak, frå Noregd eldste festival for klassisk musikk og teater1953–2003Lokalhistorisk arkiv i Bergen2012 [daud lenkje]
Norsk folkeminnesamlingDei opphavlege samlingane etter Peter Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Moltke Moe, Sophus Bugge og Magnus Brostrup Landstad1830–1904Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitetet i Oslo2012 [daud lenkje]
Arkiv etter Kristiania og Aker fattigvesenMellom anna 234 protokollar med opp mot 200 000 personforhøyr og 52 protokollar med register over umyndige, pleietrengande og sinnssjuke1832–1930Oslo byarkiv2012
Missale Nidrosiense og Breviarium NidrosienseDen katolske kyrkjas liturgi i Noreg fram til reformasjonen; dei to første trykksaker i Noreg1519Nasjonalbiblioteket, Deichmanske bibliotek2012 [daud lenkje]
Roald Amundsen: Brev til kong Haakon«Sydpolbrevet», etterlatt i ekspedisjonens telt ved polpunktet, funne av Robert Scott og seinare av mellom anna Tryggve Gran1911Nasjonalbiblioteket2012 [daud lenkje]
Arkiv etter Ivar AasenManuskript til Det norske Folkesprogs Grammatik og til Sunnmørs-gramatikken1813–96Nasjonalbiblioteket2012
Ludvig Mathias Lindeman: Oppteikningar frå Valdres, Gudbrandsdalen, MeldalenEt utvalg av materialet fra Lindemans første reise for innsamling av folketoner, sommeren 1848: 82 sider noter og 319 sider tekstmanuskript1848Nasjonalbiblioteket2012 [daud lenkje]
Natzweiler- og Dachau-albumetEt album med 40 teikningar og akvarellar av Rudolf Næss, som var fange i dei to konsentrasjonsleirane1945–47Nasjonalbiblioteket2012
Filmavisen950 ukerevyer på film1941–63Nasjonalbiblioteket2012 [daud lenkje]
Henrik Ibsen: Et dukkehjemManuskript i fleire utgåver og anna materiale fram til utgivelsen); manuskripta er eit Verdsminne1878–1879Nasjonalbiblioteket2012
Bjørge Lillelien: Norge–England 2–1Legendarisk radioreportasje fra landskamp i fotball (VM-kvalifisering)1981Nasjonalbiblioteket[7]2012 [daud lenkje]
Hurtigruten: Minutt for minutt134 timer langt (direktesendt) TV-program som følgjer MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes i juni 20112011Nasjonalbiblioteket[8]2012 Hurtigruta[daud lenkje]
Filmen Roald Amundsens sydpolsferdOriginalt filmmateriale frå sørpolekspedisjonen; materialet er eit Verdsminne1911Norsk Filminstitutt, Nasjonalbiblioteket2012
«Avskedigede Arbeidere» fra Rjukan SalpeterfabrikkerProtokoll som registrerer oppsagte ansatte og andre som ikke skulle ansettes ved bedriften («svarteliste»)1911–12Norsk Industriarbeidermuseum2012 [daud lenkje]
Revolusjonsfana frå RjukanFane for den stedlige jern- og metallarbeiderforeninga malt av Oscar Løvaas med slagorda «Giv akt! Se Revolutionen lyser over verden»1918Norsk Industriarbeidermuseum2012 [daud lenkje]
Olav Engelbrektssons arkivNoregs best bevarte mellomalderarkiv, knytt til virket til Olav som erkebiskop og formann i riksrådet, men inneheld også ein del andre dokument, mellom anna unionstraktaten med Danmark frå 14501277–1537Riksarkivet2012 Aslak Bolt si jordebok frå Olav Engelbrektsson sitt arkiv. Riksarkivet.
Valbrevet til dronning MargretePergament med segl der riksrådet kunngjer at Margrete er vald til Noregs «mektige frue og rette husbonde» og til regent på livstid1388Riksarkivet2012 Dronning Margretes valgbrev av 2. februar 1388. Riksarkivet
Nils Trosners dagbokEneste bevarte samtidige beretning om krigshverdag til sjøs på tidlig 1700-tall1710–14Riksarkivet2012 Niels Trosners dagbok fra den store nordiske krig 1710-1714. Siden viser slaget ved Køge bukt 4. oktober 1710. Riksarkivet.
GrensearkivGrensetraktaten mellom Norge og Sverige (inkludert Lappekodisillen), Peter Schnitlers protokoller frå grensebefaringar og ett av 23 grensekart frå perioden (nr. 21)1750Riksarkivet2012 Eksempel på kart over den norsk-svenske grensen fra 1754. Riksarkivet
Weyses modellbokModellbok av Ip Olufsen Weyse med originale, fargelagde teikningar og akvareller av glasprodukt ved Nøstetangen glassverk og Aas glassverk, dokumentasjon på tidleg norsk glasindustri1763Riksarkivet2012 Frå Weyse sin modellkatalog 1763: Glaspokal frå Nøstetangen.
Folketeljinga 1801Den første folketeljinga som inneheld namn og andre opplysningar for kvar enkelt innbyggjarr i Noreg1801Riksarkivet2012 Side frå folketeljinga i 1801. Riksarkivet.
FlaggresolusjonenKongeleg resolusjon som godkjenne Stortingets vedtak om nytt norsk handelsflagg, vedlagt ein akvarell av framlegget til Fredrik Meltzer med Karl Johan si påskrift «Gillas»1821Riksarkivet2012
Stiftelsesprotokollen til VenstreProtokoll som dokumenterer stiftelsen av Norges første politiske parti, referater fra 17 landsmøter, 87 styremøter m.v.1884Riksarkivet2012 [daud lenkje]
Oscarsborg vaktjournalDokumentasjon av hendingane 8.–9. april 1940, da tyske krigsskip kom inn Oslofjorden og «Blücher» blei senka1940Riksarkivet2012 Vaktprotokoll Oscarsborg 9. april 1940. Riksarkivet.[daud lenkje]
Kongens neiKongeleg resolusjon frå 10. april kor kong Haakon og regjeringa avslår å imøtekomme tyske krav1940Riksarkivet2012
Arkivet etter Åker gard i Vang i Hamar)Stor dokumentsamling frå ein av landets adelege setegardar, mellom anna dagbøker, avlingsnotatar og legejournalar1670–1933Statsarkivet i Hamar2012 [daud lenkje]
Edvard Munchs testamenteTestamente etter målaren og søster hans, Inger Munch; dertil dokument frå registreringa av dødsboet1940Statsarkivet i Oslo2012 [daud lenkje]
Emigrantprotokollar frå OsloOslo politikammers registreringar av emigrerte borgarar (44 kronologiske protokollar og 16 alfabetiske registerbøker)1867–1966Statsarkivet i Oslo2012 [daud lenkje]
Kyrkjebok for AndebuDen eldste kyrkjeboka i Noreg1623–1738Statsarkivet i Kongsberg2012 [daud lenkje]
Arkivet til TelemarkskanalenArkiv etter Norsjø–Skienskanalen og Bandak–Norsjøkanalen (møtebøker, korrespondanse, kart og teikningar, oversyn over gods og passasjertal m.v.)1850–1980Statsarkivet i Kongsberg2012 [daud lenkje]
Larvik grevskap sitt arkivRundt 150 hyllemeter arkiv etter det ene av Noregs to grevskap frå Ulrik Fredrik Gyldenløves tid fram til adelskapet blei avvikla i 1821; inkluderer mellom anna Fritzøe Jernverk og Laurvig Hospital1671–1821Statsarkivet i Kongsberg2012 [daud lenkje]
Kongsberg våpenfabrikk sitt arkivRundt 150 hyllemeter arkiv frå Noregs første vapenfabrikk og muligeins eldste mekaniske verksemd (styreprotokollar, korrespondanse, reiknskap, personalruller, vapentekniske utgreiingar m.v.)1824–1987Statsarkivet i Kongsberg2012 [daud lenkje]
Sorenskrivaren i Finnmark, rettsprotokollarReferat frå rettens handsaming av alle typer kriminalsaker, inklusiv trolldomsprosessane1620–1813Statsarkivet i Tromsø2012 [daud lenkje]
Kistrand kommunearkivEit av få kommunearkiv som overlevde tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark 1944–1945; inneheld ein større andel dokument på kvensk og samisk1845–1914Statsarkivet i Tromsø2012 [daud lenkje]
Arkivet til Røros koparverkStort arkiv med korrespondanse, protokollar og reiknskap1644–1977Statsarkivet i Trondheim, Rørosmuseet, Statsarkivet i Trondheim2012 [daud lenkje]
FormannskapsloveneStortingets handsaming og vedtak1837Stortingsarkivet2012 [daud lenkje]
Unionsoppløysinga i 1905Utvalde dokument: Stortingspresident Carl Berner sitt manuskript til 7. juni-vedtaket; telegram frå Oscar II til stortingspresidenten om at kongen ikkje vil ta imot ein norsk deputasjon; Oscar IIs abdikasjonsbrev; telegram frå prins Carl om at han tar imot kongevalet1905Stortingsarkivet2012
Allmenn røysterettKonstitusjonskomiteens innstilling til endring av Grunnlova § 50 og referat frå Stortingets handsaming av innstillinga, som førte til at Noreg som fjerde land i verda innførte stemmerett til parlamentet også for kvinner1913Stortingsarkivet2012 [daud lenkje]
Sophus Tromholts fotoarkivNegativer (231 stk) og originalkopiar (189 stk) av bilete frå Kautokeino og andre stader i Finnmark og samiske Finland, mellom anna dei første karakterportrett av namngitte samar1882–83Universitetsbiblioteket i Bergen2012 [daud lenkje]
Fotoarkiv etter Knud KnudsenNoregs største samla fotoarkiv etter førstegenerasjons prospektlandskapsfotografar, ca 13500 glasnegativ og 20000 originale papirkopier1862–1900Universitetsbiblioteket i Bergen2012 [daud lenkje]
Norsk kvalfangstUtvalde dokument: dagbok etter Svend Foyn, fangstlisens for Sør-Shetland, pastor Kristen Løkens brevsamling frå Sør-Georgia, dagbok frå DS «Norvegia», styreprotokoll for Kosmos AS og Theodor Anderssons fotografi frå Sør-Georgia1862–1981Hvalfangstmuseet, Vestfoldarkivet, Slottsfjellmuseet2012
Runeinnskrift på KulisteinenDen eldste kjente bruk av namnet Noreg på norsk jord1000NTNU Vitskapsmuseet2012
Riksforsamlinga på EidsvollOriginalfullmaktene til dei 112 representantane som møtte på Eidsvoll, samt til representantane frå Nord-Noreg som ikkje rakk fram i tide1814Riksarkivet2012 [daud lenkje]
Riksforsamlinga på EidsvollDen signerte utgåva av 17. mai-grunnlova1814Stortingsarkivet2012 [daud lenkje]
Riksforsamlinga på EidsvollTo grunnlovsutkast, eit frå Johan Gunder Adler og Christian Magnus Falsen og eit frå Nicolai Wergeland (originalmanuskript)1814NTNU Universitetsbiblioteket2012 [daud lenkje]
Riksforsamlinga på EidsvollPeter Motzfeldts grunnlovsutkast (originalmanuskripter)1814Riksarkivet2012 [daud lenkje]
NovembergrunnlovaGrunnloven av 4. november signert av stortingspresidenten og sekretær og seks svenske utsendinger1814Stortingsarkivet2012
MossekonvensjonenFredsavtale og vapenkvileavtale frå august med mellom anna dåverende kronprins Karl Johans signatur og segl1814Stortingsarkivet2012
Arkivet etter Anna og Erling StordahlArkivet gjer innsyn i den første tida for helsesport for funksjonshemma i Noreg1923-1994Valdresmusea/Opplandsarkivet avdeling Valdres folkemuseum2014
Arkivet etter slekta Aall på Ulefos Hovedgaardca. 1660-1900Telemark Museum2014
Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644Den første boka som blei trykt i Noreg1644Nasjonalbiblioteket2014
Forhandlingsprotokoll for boktrykkernes sykekasse, Kristiania 18191819Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek2014
Osebergfunnet - original feltdokumentasjon 1904-19061904-1906Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo2014
Arkivet etter Camilla Collett1831-1895Nasjonalbiblioteket2014
Forhandlingsprotokol for Det Norske Missionsselskabs Generalforsamlinger1842-1864Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen2014
Fragment av Frostatingslovaca. 1260Riksarkivet2014 Fragment fra Frostatingsloven. Riksarkivet.
Arkivet etter Karen-Christine Friele1932-2013Universitetsbiblioteket i Bergen2014
Arkivet etter Leseforeningen for Kvinner1874-1974Nasjonalbiblioteket2014
Arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann1962-2001NTNU Universitetsbiblioteket2014
Spørrelistesvar ved Norsk etnologisk gransking1946-2014Norsk etnologisk gransking, Norsk folkemuseum2014
Skoleprotokollar frå 1800-talet1800-talletInterkommunalt arkiv Troms, Interkommunalt arkiv i Vest-Agder2014
Minnematerialet etter 22. juli 2011Riksarkivet2014
Handelsstadsarkiva i Salten og Lofoten1801-1970Nordlandsmuseet, Museum Nord, Arkiv i Nordland2014
Pave Clemens IIIs brev til geistlige i NorgeNorges eldste brev, pave Clemens IIIs brev til alle geistlige i Norge i 11891189Riksarkivet2014
Brev frå kong Filippus SimonssonDet eldste brevet på gamalnorsk, frå Filippus Simonsson om Hovedøya klosterca. 1207-1217Riksarkivet2014
Arkivet etter Hjula Væveri1855-1957Norsk Teknisk Museum2014
Arkivet etter Arendals Turnforening1857-2011Aust-Agder kulturhistoriske senter2014
Oslonett 1993-94Nasjonalbiblioteket2014
WilsearkivetArkivet etter Anders Beer Wilse1900-1949Norsk folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Norsk Teknisk Museum, Norsk Maritimt Museum, Preus museum2014
Arkivet etter Trondheim priserett1808-1814Statsarkivet i Trondheim2014 Arkivert 2014-12-06 ved Wayback Machine.
Arkivet etter Ruth Maier1933-1942Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter2014
Riksantikvarens og Fortidsminneforeningens teikningar av historiske bygningar1820-2007Riksantikvaren2014
Arkiva etter Bergen havnevesen1735-2012Bergen byarkiv2014
Handelshusarkiva i Halden1653-1960Østfoldmuseene - Halden historiske Samlinger2014
Arkivet etter Alvøens Papirfabrik1798-1981Lokalhistorisk Arkiv i Bergen2014
Arkivet etter Colin Archer1868-1921Foreningen Larvik Sjøfartsmuseum2014
Conrad Schwachs selvbiografi fra tidlig 1800-tallet1790-1830Aust-Agder museum og arkiv2016
Den første norske løva1292Riksarkivet2016
Olavssekvensen fra middelalderenRiksarkivet2016
VinjebokaCa.1500Stiftelsen Oslo Katedralskole2016
Antikvitetskommisjonen av 1811Oppstarten av norsk kulturminnevern1811Kulturhistorisk museum2016
Arkivet etter Akers mekaniske verksted1841-1982Norsk Teknisk Museum2016
Husmennene i Torpa1869Fylkesarkivet i Oppland2016
Sigrid Undsets arkiv1891-1949Nasjonalbiblioteket2016
Ingrid Bjerkås, første kvinnelige prest i den norske kirke1961Riksarkivet2016
Statoils første styreprotokoll1972-1975Statsarkivet i Stavanger, Norsk Olje- og gassarkiv2016
Seilskutearkivene fra Aust‐Agder 1820‐1920Arkivene inneholder et stort og omfattende materiale med stor dokumentasjonsverdi i nasjonal sammenheng. Seilskutearkivene fra Aust-Agder består tilsammen av 13 utvalgte arkiv som samlet dokumenterer bredden i de maritime næringer og deres betydning som historisk fenomen. Samlet står arkivene som representanter for Norge som sjøfartsnasjon i seilskutetiden.1820-1920Aust-Agder museum og arkiv2018
Atlungstad Brænderis stiftelsesdokument 18551855Statsarkivet i Hamar2018
Arkivet etter Barselhjemsutstillingen 1916Utstillinga var først i sitt slag, og trer fram som en unik dokumentasjon av et virkemiddel innen sosialt reformarbeid og allmenn folkeopplysning.1916Norsk Teknisk Museum2018
Kontrollbøker for evakuerte 1944-1951Arkivet dokumenterer tvangsevakuering av befolkninga som følge av den tyske nedbrenningen av Finnmark og Nord-Troms.1944-1951Riksarkivet2018
Arkivet etter Oslo Hospital 1644-2000Arkivet omfatter Oslo Hospital med herberge, sinnssykeasyl, kirke og kirkegård. Arkivet vitner om viktige skifter innen psykiatrisk praksis og synet på psykisk sykdom fra Norges første sinnssykelov ble vedtatt i 1848 og til nyere tid.1644-2000Oslo byarkiv2018
Stavik‐breva, ei transatlantisk brevveksling 1880‐1950Samlingen utgjør en unik brevveksling mellom to brødre på hver sin side av Atlanteren gjennom nesten 70 år1880-1950Romsdalsmuseet2018
Gulatingslova ‐ Codex RantzovianusGulatingslova er også den eldste kjente og bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa og er skrive på norrønt, ikkje latin.1000Biblioteket i København2020
Koleralasarettet i Bergen Protokollene fra koleralasarettet i Bergen representerer en økt forståelse av smittsomme sykdommer i utvikling av en et norsk helsevesen på 1800-tallet. 1848-1849 Bergen byarkiv 2020
Bergens likbrendingsforening og Norges første krematorium Kildene dokumenterer planene og byggingen av det første krematoriet i Norge, som ble åpnet på Møllendal i Bergen i 1907. 1893-1914 Bergen byarkiv 2020
Narve Skarpmoens lydopptak av norsk folkemusikk Narve Skarpmoens lydopptak av norsk folkemusikk er de eldste lydfestinger av folkemusikk vi kjenner her til lands. De er også den første kjente lyddokumentasjonen av hardingfelespill. 1903-1904 Nasjonalbiblioteket 2020
Arkivet etter Robert Savosnick Arkivet inneholder en stor mengde materiale knyttet til Robert Savosnick sitt virke som holocaust-tidsvitne, fra en av få norske jøder som overlevde de nazistiske utryddelses- og konsentrasjonsleirene. 1893-1914 HL-senterets arkivsamling 2020
Minnetavle av sisti reinskinn signert av H.M. Kong Olav V Minnetavlen av sisti reinskinn som H.M. Kong Olav V signerte i forbindelse med åpningen av det første Sametinget 9. oktober 1989 består av et garvet reinskinn spent opp i en ramme på tradisjonelt vis. I ettertid er kongens signatur blitt sydd inn med tinntråd på skinnet for å bevare den. 1989 Sametingsbygningen i Karasjok 2020


  1. «Om Memory of the World». Norsk kulturråd. Henta 28. november 2014.
  2. Dei nasjonale kriteria finst på nettstaden til Norsk kulturråd: pdf Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. Dei internasjonale kriteria finst på nettstaden til Unesco: General Guidelines for the Safeguarding of the Documentary Heritage
  3. «47 nominasjoner til Norges dokumentarv». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014.
  4. «Lansering av Noregs dokumentarv 2014». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014.
  5. Svartebok, Statoil og Sigrid Undset tatt opp i Noregs dokumentarv, www.kulturrådet.no, 09.12.2016
  6. Barsel, brennevin og evakuering blir del av Norges dokumentarv, www.kulturrådet.no, 07.12.2018
  7. Nominasjonen er gjort i samarbeid med Norsk rikskringkasting.
  8. Nominasjonen er gjort i samarbeid med Norsk rikskringkasting.