Noregs forskingsråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norges forskningsråd
TypeForvaltingsorgan
Skipa1993[1]
HovudkontorDrammensvn. 288
Adm.dir.John-Arne Røttingen
VerkeområdeNoreg
FokusForsking
EigarskapKunnskapsdepartementet

Noregs forskingsråd eller Norges forskningsråd er eit norsk statleg forvaltingsorgan oppretta av regjeringa. Det har ansvar for å finansiera, fremja og marknadsføra norsk forsking. Rådet forvaltar forskningsmiddel og gjev råd til styresmaktene innan forskingspolitikk, mellom anna gjennom forslag til forskingsbudsjett[2] i statsbudsjettet. Andre oppgåver er å fungera som møteplass mellom forskarar, næringsliv, dei som bruker og dei som finansierer forsking. Forskingsrådet bidreg også til å gjera norsk forsking meir internasjonalt orientert, gjennom forskingssamarbeid og gjennom deltaking i EU sine forskingsprogram.[3]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Forskningsrådet er underlagt Kunnskapsdepartementet. Saman med Nærings- og handelsdepartementet står dei to departementa bak halvparten av midla til rådet. Totalt forvaltar Noregs forskingsråd eit budsjett på 8483 millionar kroner (i 2015).[4]

Forskningsrådet er delt inn i fire fagdivisjonar og ein administrasjonsdivisjon.

  1. Divisjon for Vitskap: Har ansvar for grunnforsking og tverrfagleg forskning. Han er delt inn i fem avdelingar: Avdeling for instituttpolitikk; strategi og analyse; medisin, naturvitskap og teknologi; humaniora og samfunnsvitskap, og forskingsinfrastruktur.
  2. Divisjon for Energi, ressursar og miljø skal stimulera og gje retning til forskning, utvikling og innovasjon innanfor temaa miljø, marine ressursar, klima- og polarforsking, petroleum og energi.
  3. Divisjon for Samfunn og helse. Forvaltar ein stor del av finansieringa til anvendt samfunnsforsking, innan forskingsfelt som helse, arbeidsliv, velferd, utdanning, migrasjon og utviklingssamarbeid. Har også ansvar for Forskingsrådet sitt arbeid for innovasjon i offentleg sektor. Divisjonen koordinerer bilateralt forskingssamarbeid med enkeltland.
  4. Divisjon for Innovasjon skal vera pådrivar for innovasjon og verdiskaping i næringsliv og samfunn. Divisjonen har sju avdelingar med ansvar for utvikling av innovativt næringsliv, regional innovasjon og FoU, bionæringar, teknologinæringar, analyse og utvikling, SkatteFUNN og Forskingsrådet sine regionale representantar.
  5. Divisjon for administrasjon: Har mellom anna ansvar for økonomi, IT, HR, kommunikasjon og informasjon.

Forskingsrådet har rundt 480 tilsette. Administrerende direktør sidan 1. mars 2017 er John-Arne Røttingen. Hovedstyret, som blir oppnemnd av regjeringa med verkeperiode på fire år, leiar Forskingsrådet.

Hovudstyret 1. januar 2015 til 31. desember 2018[5]

Forskingsformidling[endre | endre wikiteksten]

Forskningsrådet skipa i 2002 den uavhengige nettavisa Forskning.no. Nettavisa syndikerer artiklar frå formidlingsmagasina til norske universitet og forskingsinstitusjonar.

Rådet oppretta også Forskingsdagane, ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si for allmugen.

Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til barn og unge. Proscientia[6] er tiltaket deira for å auka interessa for forsking og vitskap blant ungdom. Proscientia organiserer mellom anna Konkurransen Unge Forskere.

Forskingsrådet sine prisar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges forskningsråds endringshistorie
  2. Innspill til forskningsbudsjett for 2018 Norges forskningsråd
  3. Om Noregs forskingsråd, henta 7. mars 2017 
  4. Forskningsrådet:
  5. regjeringen.no Nytt hovedstyre i Norges forskningsråd 19. desember 2014
  6. http://www.proscientia.no/
  7. Vedtekter for prisen, som ble opprettet i 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]