Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

MottoKunnskap for livet, Kunnskap for livet
Grunnlagt1. oktober 1859
TypeOffentleg universitet
StadÅs kommune
Studentar6 345 (august 2022)
Org.nummer969159570
Nettstadhttp://www.nmbu.no/ (norsk)
ErstattarVeterinærhøgskulen, Norges landbrukshøgskole

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) er eit resultat av ei samanslåing av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Samanslåinga vart vedteken av kongen i statsråd 21. juni 2013, og gjaldt frå 1. januar 2014.[1] Dei fyrste fire åra vil universitetet ha to campusar: ein på Ås og ein på Adamstua i Oslo. Frå 2019 av vil alt verta samla på Ås.[2]

Første rektor ved det nye universitetet var Mari Sundli Tveit.[3] I 2019 blei Sjur Baardsen ny rektor.[4]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

NMBU er inndelt i tre fakultet som omfattar 13 institutt:[5]

  • Fakultet for veterinærmedisin og biovinskap
    • Institutt for basalfag og akvamedisin
    • Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap
    • Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap
    • Institutt for produksjonsdyrmedisin
    • Institutt for sports- og familiedyrmedisin
    • Institutt for mattryggleik og infeksjonsbiologi
    • Institutt for plantevitskap
  • Fakultet for miljøvitskap og teknologi
    • Institutt for matematiske realfag og teknologi
    • Institutt for miljøvitskap
    • Institutt for naturforvaltning
  • Fakultet for samfunnsvitskap
    • Handelshøgskulen
    • Institutt for landskapsplanlegging
    • Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudium (Noragric)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]