Norske statsministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Noregs statsminister)

Norske statsministrar gjev oversyn over statsministrar i Noreg. Statsministeren er regjeringsleiar og vart peika ut av Kongen til å leia regjeringa med parlamentarisk grunnlag.

Sjølv om tittelen statsminister blei introdusert i 1814, fekk han sitt noverande innhald gjennom reformer i 1873 og 1884. I 1873 avskaffa Oskar II det kvilande statthaldarembetet[1] og rolla som fyrstestatsråd blei forma om til ein aktiv regjeringsleiar: statsministeren. I 1884 knesette det norske Stortinget prinsippet om parlamentarisme;, det at regjeringa skal gå ut frå eller ha støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Perioden frå 1814 til 1873[endre | endre wikiteksten]

Peder Anker var statsminister i Stockholm frå 1814 til 1822.
Frederik Stang, den fyrste regjeringsleiaren med tittel statsminister
Johan Sverdrup, den fyrste parlamentariske statsministeren
Christian Michelsen, statsminister under unionsoppløysinga i 1905.

I det meste av den tida Noreg var i union med Sverige var det ansvaret som i dag ligg til statsministeren delt på fleire roller. Representanten til kongen i landet, og regjeringas leiar, var statthaldaren. Han vart titulert visekonge om det var ein kongeleg som hadde embetet. Ein av statsrådane hadde i tillegg til sitt eige departement rolla som førstestatsråd eller regjeringens formann.[2]

Førstestatsråd var leiar av regjeringa i dei periodane statthaldarembetet var ledig. Tittelen statsminister blei i den same perioden nytta om den norske regjeringas representant i Stockholm, og denne – som sat nær kongen – hadde rang framføre kollegaen sin i Kristiania.

Stillingane som statsråd var i utgangspunktet embetsstillingar, og for den fyrste delen av perioden blir dei fleste statsrådstillingane, og som førstestatsråd og som statsminister i Stockholm, sett på som avansementstillingar for embetsverket. Det skjedde, særleg mellom 1860 og 1884, ein glidande overgang frå embetsstillingar til politiske utnemningar.[3]

Statthaldarstriden mellom Stortinget og dobbelmonarken var årsak til at embetet frå 1856 var ubesett. Etter at Oskar II i 1873 avskaffa embetet, gjekk tittelen statsminister over til å gjelde for leiaren av regjeringa i Noreg.

Statthaldar / formann for regjeringa

Statsminister i Stockholm

Statsministrar 1873–1945[endre | endre wikiteksten]

Statsminister

Statsminister i Stockholm

1940–45: Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Statsministrar frå 1945[endre | endre wikiteksten]

Norske statsministrar etter 1945
Jonas Gahr StøreErna SolbergJens StoltenbergKjell Magne BondevikJens StoltenbergKjell Magne BondevikThorbjørn JaglandGro Harlem BrundtlandJan P. SyseGro Harlem BrundtlandKåre WillochGro Harlem BrundtlandOdvar NordliTrygve BratteliLars KorvaldTrygve BratteliPer BortenEinar GerhardsenJohn LyngEinar GerhardsenOscar TorpEinar Gerhardsen
Forklaring:
- Gult=KrF
- Raudt=Ap
- Grønt=SP
- Blått=Høgre

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oscar 2. frå Norsk biografisk leksikon
  2. Den følgjande lista over førstestatsråder synar at dette var eit kontinuerleg embete, sjølv om oversikta ovanfor syner at rolla som leiar av regjeringa i periodar blei fylt av ein statthaldar:
    1814: Frederik Haxthausen
    1814–1815: Marcus Gjøe Rosenkrantz
    1815–1822: Mathias Sommerhielm
    1822–1836:Jonas Collett
    1836–1855: Nicolay Johan Krog
    1855–1858: Jørgen Herman Vogt
    1858–1861: Hans Christian Petersen
    1861–1873: Frederik Stang
  3. Resonnementet er henta frå regjeringen.no
  4. Christian Bretteville var konstituert som statsminister i Stockholm frå 16. desember 1858 til juni 1859, i perioden frå Georg Sibbern vart utnemnt til han tiltredde. Bretteville var òg konstituert 30. november–17. desember 1861, i ein periode mellom to ministerium, begge med Sibbern som statsminister i Stockholm
  5. I overgangen mellom regjeringane Selmer og Schweigaard var Ole Bachke konstituert statsminister 11.–29. mars; og Niels Rye konstituert statsminister 29. mars–3. april 1884. Desse vart sjeldan tatt med i vanlege oversiktar, men er nemnt i oversikten på regjeringen.no
  6. Sofus Arctander var fungerande statsminister 31. august 190523. september 1905
  7. Christian Fredrik Michelet var fungerande statsminister 24. mars 192330. mai 1923
  8. Kolstad fekk sjukepermisjon den 1. februar 1932, og døydde 5. mars same år. Birger Braadland var fungerande statsminister 1. februar 193229. februar 1932 og 10. mars 193212. mars 1932. Nils Trædal var fungerande statsminister 29. februar 193210. mars 1932