Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet


MottoDet skapende universitet, Knowledge for a better world
Grunnlagt2016, 1996, (UNIT 1968), (DKNVS 1760)
TypeOffentleg universitet
StadTrondheim kommune, Gjøvik kommune, Ålesund kommune
Studentar42 031 (2018)
MedlemskapORCID
Org.nummer974767880
Nettstadhttps://www.ntnu.no/ (bokmål, engelsk)
ErstattarHøgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Gjøvik, Vitskapsmuseet, Noregs tekniske høgskole, Den allmennvitenskapelige høgskole, Musikkonservatoriet i Trondheim
NTNU sitt organisasjonskart 2016
NTNU sitt organisasjonskart 2017–

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er eit offentleg universitet som opphavleg berre låg i Trondheim, men som frå 1. januar 2016 vart slege saman med Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Sør-Trøndelag som eitt universitet med namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og såleis fekk campus fleire stader i landet. Campusane i Gjøvik og Ålesund heiter no formelt NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund. Etter denne samanslåinga vart universitetet det største i landet.

Det opphavlege Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet vart skipa i 1996 ved ei samanslåing av institusjonar for forsking og høgare utdanning i Trondheim, og var då det nest største av dei åtte universiteta i Noreg. Det har framleis hovudansvar for den høgare teknologiutdanninga i Noreg, og har òg eit breitt fagtilbod innan naturvitskap, humaniora og estetiske fag, samfunnsvitskap og økonomisk-administrative fag. NTNU hadde pr. 2015 profesjonsutdanning innan ingeniørfag, medisin, psykologi, arkitektur, biletkunst, musikk og lærarutdanning. Etter fusjonen med høgskolane, er profesjonsutdanningane utvida med mellom anna sjukepleie, fysioterapi, siviløkonomstudium, rekneskap og revisjon, grafisk formgjeving og leiing innan shipping.

Universitetet hadde før siste samamslåinga sju fakultet med til saman 48 institutt, og rundt 5 000 årsverk, av desse 3 000 i undervising og forsking (36 prosent kvinner). Det var då 23 000 studentar, og uteksaminert årleg cirka 3 500 bachelor- og mastgradskandidatar og avlagt om lag 370 doktorgradar (38 prosent kvinner). NTNU har fleire campusar i og omkring Trondheim, meir enn 100 laboratorium og dreiv før siste samanslåinga om lag 2 000 forskingsprosjekt.[1] Dei to største lærestadene i Trondheim er på Gløshaugen (med det tidlegare NTH) og på Dragvoll.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NTNU sin administrasjon held til i Hovedbygninga som blei åpnet i 1910 på Gløshaugen i Trondheim.
Foto: Eirik Refsdal
Portalen over inngangen til Teknologibiblioteket, det gamle hovedbiblioteket til NTH, i Hovedbygninga.
Foto: T.M. Hetland

NTNU si historie[2] kan sporast tilbake til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), som blei oppretta under namnet Det Trondhiemske Selskab i 1760. Både Vitskapsmuseet og NTNU Universitetsbiblioteket inngår i NTNU. Begge har opphavet sitt i DKNVS.

Ingeniørutdanninga i Trondheim tok til med Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1870. Dette fagmiljøet var ei medverkande årsak til at Stortinget i 1900 vedtok å leggje ein teknisk høgskule til Trondheim.[3] Noregs tekniske høgskole (NTH) opna i 1910. Med NTH begynte NTNU si historie som utdanningsinstitusjon.

I 1922 blei byen sitt utdanningsmiljø ytterlegare utvida gjennom opprettinga av Noregs lærarhøgskule i Trondheim (NLHT), seinare Den allmennvitenskapelige høgskole (AVH). Overgangen frå høgskoleby til universitetsby følgde då NTH, AVH og Vitskapsmuséet blei slått saman til Universitetet i Trondheim (UNIT) i 1968. NTH og AVH beheldt ein stor grad av sjølvstyre gjennom heile UNIT-perioden. Stortingsvedtaket frå 1968 om å integrere dei to høgskolane blei aldri heilt innfridd. Den medisinske undervisinga starta i 1975 ved Avdeling for Medisin (seinare Det medisinske fakultet).

NTNU sitt faglege og organisatoriske grunnlag blei i 1995 utgreidd av Underdal-utvalet, og Stortinget vedtok oppretting av NTNU frå 1996.[4]

NTNU blei danna 1. januar 1996 då NTH, AVH, Vitskapsmuséet, Det medisinske fakultet (DMF), Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet i Trondheim blei slått saman til eitt universitet.[5] Det var store protestar mot samanslåinga frå NTH- og AVH-tilsette og -studentar, som blant anna ville ha eit fristilt NTH.[6][7] Samanslåinga var i tråd med det offentleg oppretta Underdal-utvalet si tilråding frå 1995,[8] som Stortinget i hovudsak slutta seg til.[9]

I 2014 fekk dei statlege høgare utdanningsinstitusjonane i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å kome med innspel til arbeidet med framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren.[10] Regjeringa ønskte mellom anna færre institusjonar innan sektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte på ein konferanse om denne saka: «Vi sprer ressursene til forskning og høyere utdanning for tynt. Vi har for mange små og sårbare fagmiljø som tilbyr de samme utdanningene. Det fører til at mange små institusjoner legger strategier for å konkurrere med hverandre i stedet for å samarbeide.»[11]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Underdal-utvalet si innstilling og Stortinget sitt vedtak danna fram til 2016 fundamentet for NTNU si organisering.

1. januar 2016 blei fusjonen mellom NTNU og høgskolane i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag offisiell, og NTNU fekk campusar i Ålesund og Gjøvik, i tillegg til i Trondheim. Frå 1. januar 2017 består NTNU av åtte fakultet med til saman 56 institutt, i tillegg til andre einingar som NTNU Vitskapsmuseet og NTNU Universitetsbiblioteket.

Fusjon[endre | endre wikiteksten]

Regjeringa la våren 2015 fram stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – strukturreform i universitets- og høyskolesekstoren. I presentasjonen av meldinga skreiv regjeringen.no blant anna dette om bakgrunnen for den: «Norge må omstille seg for å møte samfunnsendringene og for å sikre arbeidsplasser og velferd i fremtiden. Ein viktig nøkkel er økt kvalitet i høyere utdanning og forskning. Derfor endrer vi universitets- og høyskolesektoren og samler ressursene på færre, men sterkere institusjoner. Vi legger en struktur for morgendagens kunnskapssamfunn.»[12] Tilrådinga til Stortinget frå Kunnskapsdepartementet blei vedtatt i statsråd samme dag.

Styret ved NTNU vedtok 28. januar 2015 at dei ønskte ei samanslåing med Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Gjøvik.[13][14]

Rektorane ved NTNU og dei tre høgskolane skreiv ein kronikk i 2015, om sine grunnar for å ønske ein fusjon mellom nett desse institusjonane. Der peika dei på at i Trondheim, der NTNU (1996–2015) og Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST) var lokaliserte, hadde dei to utdanningsinstitusjonane fleire fagmiljø som i stor grad var innafor felles samfunnsområder; medisin/helsevitskap, økonomi, lærar-/lektorutdanning og teknologi. Ei samanslåing ville styrke den faglege kvaliteten på forsking og utdanning. Ålesund, med sine spesialiserte miljø innanfor marine og maritime område, og Gjøvik, med spesialkompetanse innan informasjonssikkerheit og berekraftig produksjon, ville styrke NTNU si rolle som teknologiuniversitet.[15]

Det endelege vedtaket om fusjon blei fatta av Kunnskapsdepartementet sommaren 2015.[16]

Det var både positive og negative reaksjonar på den kommande fusjonen, blant dei tilsette og eksterne kommentatorar,[17][18] [19][20] og han blei vedteken med eit knappast mogeleg fleirtall i NTNU sitt styre. Alle dei fem ansatterepresentantane stemte imot, men studentrepresentantene og dei fire eksterne representantane gjekk inn for fusjonen.[21]

Det har vore stor mediedekning av prosessen.[22] Ut frå artiklar i avisene, og innlegg på Studenttinget sin nettstad,[23] går det fram at studentane jamt over var meir positive til fusjonen enn dei tilsette var. Dei store avstandane blei nemnde som ei utfordring for kvaliteten i samarbeidet mellom institusjonane.[24]

2016 var eit overgangsår for NTNU. Aktiviteten ved dei tre tidlegare høgskolane heldt fram med små endringar, samstundes med at ein arbeidde på ulike område med planar for studia, fagleg og administrativ organisering – og kvalitetssikring på alle felt, så alt var klart 1. januar 2017.[25]

Talet tilsette totalt per januar 2016 var rundt 6 700. Før fusjonen, i 2015, var talet på tilsette ved NTNU rundt 5 300. Av desse var 3 167 stillingar innan undervisning, forsking og formidling, ein auke frå 1 582 i 1996, då NTNU blei oppretta.[26]

Tildelte midlar for 2016 frå Kunnskapsdepartementet utgjorde 5,91 milliardar kroner, av dette er 4,3 milliardar til verksemda som tidlegare var NTNU, 1,03 milliardar til tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, 313 millionar til tidlegare Høgskolen i Gjøvik og 265 millionar til tidlegare Høgskolen i Ålesund. Samla tildelte middel var 5,3 % høgare enn for 2015.[27]

Leiing[endre | endre wikiteksten]

NTNU sitt styre samla 24. november 2015. Dette styret sat til 31. juli 2017.
Foto: Thor Nielsen/NTNU
NTNU sitt styre frå 1. august 2017.[28]
Foto: Thor Nielsen/NTNU

NTNU si organisering er heimla i universitets- og høyskoleloven. Det øvste organet er styret, som normalt består av 11 medlemer.[29] To av medlemene er studentrepresentantar. Rektor rapporterer til styret og er styret sin sekretær. Remi Eriksen, administrerande direktør i Det Norske Veritas (DNV) er utnemnd av Kunnskapsdepartementet som styreleiar for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.[30] Han etterfølgjer Nils Kristian Nakstad.[31]

2016 var eit overgangsår også når det gjaldt NTNU si leiing. 24. november 2015 møttest det nye styret for første gang. Det var då utvida med eitt styremedlem frå kvar av dei fusjonerande høgskolane, og ein ekstern representant utpeika av Kunnskapsdepartementet. Denne representanten er òg frå (tidlegare) Høgskulen i Ålesund. Dette styret sat fram til 31. juli 2017. Då var det nytt val, og talet på representantar blei igjen elleve.[32]

Rektor er dagleg leiar for NTNU sin faglege og administrative aktivitet. Rektor er tilsett av styret, ikkje vald. Dette er eit resultat av styret sitt vedtak frå 2003 om å innføre «einsarta leiing» ved universitetet.[33]

Rektoratet har fire prorektorar: Prorektor for forsking, prorektor for utdanning, prorektor for nyskaping og prorektor for faglig integrasjon. Prorektor for forsking er rektor sin varamann. I rektoratet inngår òg økonomi- og eigedomsdirektør, organisasjonsdirektør og viserektorane ved NTNU i Gjøvik og Ålesund. Prorektorar og direktørar er òg tilsette, ikkje valte.

I overgangsåret 2016 gjaldt desse ordningane: Leiarar på alle nivå i NTNU heldt fram. For høgskolene blei det nokre særskilde ordninger: NTNU i Gjøvik og i Ålesund beheldt ein stedleg leiar, med stillingstittel viserektor, og ansvar for fagleg og administrativ verksemd på staden. For Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) blei det vedteke ei anna løysing. Versemda var allereie frå årsskiftet 2015/2016 sterkt integrert i NTNU, og det var difor ikkje naudsynt med ei lokal leiing ved HiST.[34] Rektor ved HiST blei tilsett av NTNU sitt styre som prorektor for fagleg integrasjon i 2016.[35]

Frå 2017 inngår to av dei tidlegare høgskolerektorane i rektor sin stab, med nye stillingstitlar, og nokre nye ansvarsområde. Helge Klungland (tidlegare HiST) er prorektor for fagleg integrasjon fram til sommaren 2017;[36] Jørn Wroldsen (tidlegare Gjøvik) fungerte som viserektor i 2016 og blei frå 1. januar 2017 tilsett i stillinga for ein åremålsperiode på fire år.[37] Marianne Synnes fungerte som viserektor i Ålesund i 2016, men søkte ikkje på stillinga frå 2017. Ny viserektor i Ålesund frå 1. januar 2017, er Annik Magerholm Fet.[38] Viserektorane har samla ansvar for fagleg og administrativ verksemd ved høvesvis NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Rektor Gunnar Bovim (2013–2019)
Foto: Thor Nielsen/NTNU Comm

Rektorane for dei skolane som blei innlemma i NTNU i 1996, er lista opp på ei side på NTNUs nettsted.[39]

Sidan NTNU blei oppretta har følgjande vore rektor:

  • Karsten Jakobsen 1996 (i overgangsfasen, ved etableringa av NTNU)
  • Emil Spjøtvoll 1996 til 2001
  • Eivind Hiis Hauge 1. januar 2002 t.o.m. 31. juli 2005
  • Torbjørn Digernes 1. august 2005 t.o.m. 31. juli 2013. Digernes var den første NTNU-rektoren som blei tilsett, ikkje valt.
  • Gunnar Bovim 1. august 2013 til 21. august 2019. Bovim ba sjøl om å få slutta to år før åremålstida var omme, etter å ha informert styret om at han var i eit forhold til ei av kollegene, som òg sit i NTNU si leiargruppe.[40]
  • prorektor Anne Borg 13. desember 2019– (konstituert rektor frå 21. august 2019)[31][40]

Fakultet og institutt[endre | endre wikiteksten]

campus NTNU Dragvoll (2006)
Foto: Thomas Skogestad
campus NTNU i Gjøvik (2015)
Foto: Saltvik Media AS
campus NTNU i Ålesund (2012)
Foto: Karl Otto Kristiansen/NTNU

I 2016 bestod NTNU av 11 fakultet og åtte avdelingar, i tillegg til andre einingar. NTNUs styre vedtok 15. februar 2016 å gå inn for å slå saman fagområde og gå inn for ei ordning med åtte fakultet frå og med 2017.[41]

Styret vedtok i april 2016 namna på dei åtte fakulteta:[42]

  • Fakultet for arkitektur og design
  • Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk
  • Fakultet for ingeniørvitskap
  • Fakultet for medisin og helsevitskap
  • Fakultet for naturvitskap
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap
  • Fakultet for økonomi
  • Det humanistiske fakultet

Verksemda ved fakulteta blir leidd av dekanar, og institutta blir leidde av instituttleiarar. Alle dekanane og instituttleiarane er no tilsette, ikkje valde blant det vitskaplege personalet, slik ordninga var tidlegare.[43][44]

Andre einingar[endre | endre wikiteksten]

Vitskapsmuséet er ei eiga verksemd ved NTNU, direkte underlagt universitetsstyret på same vis som fakulteta. Muséet si historie kan førast tilbake til 1767, då Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) blei stifta. I 1926 blei DKNVS delt i eit akademi og eit museum, og DKNVS Museet har frå den tida fungert som ei eiga avdeling. Ved etableringa av Universitetet i Trondheim i 1968 blei muséet ein del av universitetet. Då NTNU blei oppretta, ved omorganiseringa av universitetet i 1996, fekk muséet namnet NTNU Vitskapsmuséet.

NTNU Universitetsbiblioteket har røter tilbake til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs bibliotek frå 1768, og er dermed det eldste vitskaplege biblioteket i Noreg. Biblioteket har filialar ved dei fleste campusane, i alt 15 bibliotek. I tillegg til biblioteklokale og fysiske samlingar, gir biblioteket kurs og tilgang til elektroniske fulltekstbøker og -tidsskrifter.

Andre verksemder som ligg under NTNU sin administrasjon, er Artsdatabanken, BIBSYS, Matematikksenteret og RENATEsenteret – Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

NTNU har i tillegg fleire administrative einingar.[45]

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Ferdige kandidatar frå NTNU i 2013, grovt fordelt på studium. 41 innan teknologi.
(Grafikk: NTNU, kjelde: DBH)
NTH-ringen. Ringen blir framleis nytta av uteksaminerte sivilarkitektar og -ingeniørar (master i arkitektur og teknologifag) fra NTNU

I vårsemesteret 2016 hadde NTNU rundt 400 studieprogram innanfor 13 utdanningsområde, fordelt på tre byar: Gjøvik, Ålesund og Trondheim.[46]

Etter fusjonen er antall studentar rundt 39 000, og NTNU er dermed det største universitet i landet, framom Universitetet i Oslo, som har rundt 27 000 studenter og 6 000 ansatte.[47]

NTNU skil seg frå dei andre norske universiteta ved at det har ein teknologisk/naturvitskapleg profil, samstundes som det har dei tradisjonelle universitetsfaga innan humaniora og samfunnsvitskap – og andre fagområde.[48]

Universitetet har òg profesjonsutdanning innan ingeniørfag, arkitektur, biletkunst, medisin, musikk, shippingadministrasjon og -leiing, helse- og sosialfag, psykologi og lærarutdanning.[48]

Studieprogramma omfattar i tillegg informasjonsteknologi og informatikk, matematikk og naturfag, helse- og sosialfag, idrettsfag, samfunnsfag og psykologi, språk og litteratur, mediefag og kommunikasjon, estetiske fag, historie, religion, kultur- og idéfag og pedagogiske fag.

På grunn av den store breidda i dei 400 studieprogramma, frå ingeniørfag via jazzmusikar- og biletkunstnar-utdanning, og andre profesjonsutdanningar, til tradisjonelle universitetsfag, varierer opptakskrava, men som ved dei andre norske universiteta blir det krevd generell studiekompetanse eller realkompetanse.[49] Unntaket er Kunstakademiet, der det er relevant bakgrunnskunnskap som tel, i tillegg til opptaksprøve.[50] Nokre studier har tilleggskrav, til dømes om opptaksprøve (til dømes utøvande musikk) eller realfag (til dømes teknologifaga).

Studieforløpa er òg svært ulike, nokre studier er i stor grad basert på framføringar og prosjektarbeid (som musikk, drama, billedkunst, arkitektur), medan andre i stor grad har tradisjonelle forelesningar og eksamenar, i tillegg til laboratorie-, prosjekt- og andre innleveringsoppgåver og øvinger (som sivilingeniør-studiet).Nokre fagområde tilbyr årsstudium (som afrikastudier), andre har vidareutdanning lågare grad (som akuttsykepleie), medan nærare 30 studieprogram tilbyr fem- eller seks-årige studier fram til mastergrad.[51]

I utgangspunktet er alle studiene adgangsbegrensa. NTNU sitt styre vedtek kvart år opptaksrammer for dei einskilde studia.[52]

I 2013 utvikla NTNU eit nytt kvalitetssikringssystem for utdanninga ved universitetet. Systemet gjev mål for kvalitetssikringsarbeidet og definerer roller, ansvar, oppgåver og oppfølgingsprosessar.[53] Kvalitetssikringssystemet blei våren 2014 godkjent av NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, som kontrollerer kvaliteten på norske høgare utdanningsinstitusjonar.[54]

Ekspertar i team

Ekspertar i team (EIT) er eit emne der studentar frå ulike studieprogram samarbeider i eit prosjektarbeid. Bakgrunnen for at EIT vart innført, var at Virksomhetskomiteen ved NTH hadde utført ei undersøking blant tidlegare studentar (uteksaminert dei siste tjue åra); næringslivsleiarar; fagmiljøa og studentutvalet ved NTH, for å kartleggje kva som burde inngå i ei ny, femårig sivilingeniørutdanning. Frå fleire hald kom ønsket om tverrfagleg prosjektarbeid. Den tverrfaglege profilen til NTNU gjorde at forholda låg godt til rette for dette, og i 2001 blei emnet Eksperter i team oppretta.[55]

Entreprenørskulen

Entreprenørskulen er eit toårig masterstudium der studentar med bakgrunn frå ingeniørfag, realfag og samfunnsvitskaplege fag kan kommersialisere eigne forretningsider. Ei gruppe studentar med forskjellig bakgrunn jobbar saman for å utvikle idéen.

NTNU Videre

Universitets- og høyskoleloven krev at universiteta tilbyr etter- og vidareutdanning innan institusjonen sine virkeområde.[56] Ved NTNU er dette organisert under eininga Seksjon for etter- og vidareutdanning.[57]

Toppundervisning[endre | endre wikiteksten]

Grafisk framstilling av tiltak under NTNU Toppundervisning
Grafikk: NTNU Kommunikasjonsavdelinga

Satsinga NTNU Toppundervisning[58] blei etablert i 2015, og inneheld ei rekkje utviklingstiltak: pedagogisk merittering, insentivmiddel og utviklingsprosjekt, universitetsskolar, arbeid med alternative vurderingsformer, pedagogisk støtte, kompetanseheving og bruk av IT-verktøy. Satsinga har eit langsiktig perspektiv og har i første omgang finansiering fram til 2018.[59]

Senter for framifrå utdanning

I 2010 oppretta Kunnskapsdepartementet ei ordning med Senter for framifrå utdanning (SFU). Dette er ein status som blir gjeve til norske utdanningsmiljø som kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis, og har gode planar for vidareutvikling og innovasjon. Ordninga blir forvalta av NOKUT.[60]

NTNU fekk i 2016 to SFU-ar, i samarbeid med Nord universitet: ENgage (Centre for Engaged Education through Entrepreneurship)og ExcITEd (Excellent IT Education.[61]

Universitetsskolar

Eit av satsingsområda under NTNU Toppundervisning, er universitetsskolane. NTNU samarbeider med universitetsskolane Charlottenlund videregående skole, Charlottenlund ungdomsskole og Saupstad og Kolstad barneskolar i Trondheim.[62] Saman driv utdanningsinstitusjonane forsking og utviklingsarbeid både når det gjeld lærarutdanning og best mulig læring for elevane.[63]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Forskingsfartøyet FF «Gunnerus»
Foto: Blue Elf
Grafisk framstilling av tiltak under NTNU Toppforsking
Grafikk: NTNU Kommunikasjonsavdelinga

Det blir forska som del av den regulære verksemda ved fakulteta og Vitskapsmuseet[64]; gjennom forskingsprosjekt, -program og ved eigne forskingssenter.[65]

Alle fakulteta har fleire laboratorium. I alt finst det fleire enn 100 ved heile NTNU.[66] Dei fleste laboratoria blir brukte både til forsking og undervising. NTNU har òg sitt eige forskingsfartøy: FF «Gunnerus».

NTNU har fire særlege satsingsområde for forsking i 2014–2023: NTNU Bærekraft, NTNU Energi, NTNU Havrom og NTNU Helse.[67] Satsingsområda er valde på grunnlag av samfunnsrelevans, fagleg kvalitet og potensial for tverrfagleg samarbeid. Satsingsområda har eigne leiarar og blir drivne ved vertsfakultet.

NTNU sine tre mogeleggjerande teknologiar i 2011–2023 er bioteknologi, IKT og nanoteknologi.[68] Mogeleggjerande teknologiar er tverrfagleg basert grunnlagsforsking, og bidrar til å utvikle nye næringar, produkt og løysingar innan mange samfunnsområdar.

Toppforsking[endre | endre wikiteksten]

NTNU Toppforskning er ei satsing for å utvikle eliteforsking i internasjonal klasse. Satsinga blei lansert i 2013 og omfattar fleire etablerte og nye tiltak. Stjerneprogrammet er eit av tiltaka der unge forskarar som har utmerkt seg internasjonalt blir plukka ut og får gode vilkår for si forsking.[69] Målet er at forskarane skal hevde seg i internasjonal forsking.[70]

NTNU deltek i fleire prosjekt i EU sitt rammeprogram Horisont 2020[71]. Rammeprogrammet satsar på forsking, framifrå vitskap og industriell leiarskap. Fleire forskarar ved NTNU har motteke grunnforskingsløyving frå det Europeiske forskingsrådet (ERC).[72][73]

Med formål internasjonalt samarbeid om forsking, og større del i EU sine forskingsprogram, har NTNU opna kontor i Brussel, saman med SINTEF og Universitetet i Bergen.[74]

For å styrke samarbeidet om forsking og høgare utdanning med Japan, inngjekk NTNU og Universitetet i Bergen i desember 2015 ein samarbeidsavtale om ei rådgjeverstilling med Innovasjon Norge sitt kontor i Norge sin ambassade i Tokyo. Dette var ei prosjektstilling, med ei varigheit på to år.[75]

Forskingssenter

Nokre av forskingssentera ved NTNU høyrer inn under Noregs forskingsråd sine senterordningar. NTNU er vertskap for fleire av disse.

Noregs forskingsråd si ordning med Sentre for forskingsdrevet innovasjon (SFI)skal styrkje innovasjon gjennom langsiktig forsking, der bedrifter og framståande forskingsmiljø samarbeider om forsking og utvikling (FOU).[76] NTNU er per juni 2020 vertskap for 12 SFI og partner i 14.[77]

Noregs forskingsråd peikar òg ut forskingsmiljø som får status som Senter for framifrå forsking (SFF), og gode økonomiske vilkår for å forske i verdsklasse i ti år.[78] NTNU er per juni 2020 vertskap for seks SFF og partner i tre.[79]

Noregs forskingsråd si ordning med «Forskingssentre for miljøvenleg energi» (FME) skal yte forskingsinnsats for å løyse utfordringar innan energi og miljø. Sentera har samfunnsvitskapleg tilnærming til energipolitiske utfordringar.[80] NTNU er per juni 2020 vertskap for tre FME og partner i sju.[81][82]

Nobelprisvinnarane Edvard Moser, May-Britt Moser og John M. O'Keefe. Pressekonferanse desember 2014
Foto: Gunnar K. Hansen/NTNU

NTNU har eit Kavli-institutt (Kavli Institute for Systems Neuroscience) som blir drive saman med Senter for nevrale nettverk. Edvard Moser leier Kavli-instituttet.

NTNU har to K.G. Jebsen-sentre, begge innan medisinsk forsking:

  • K.G. Jebsen Centre for Alzheimer’s Disease arbeider for for å overføre grunnleggandre, nobelprisvinnande forsking frå laboratorier til pasientar.
  • K.G. Jebsen senter for genetisk epidemiologi studerer genetisk variasjon på befolkningsnivå med utgangspunkt i data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT 1 2 3).

Tidlegare K.G. Jebsen-sentre ved NTNU:

  • Cardiac Exercise Research Group (CERG).[83]
  • Myelomatose.[84]

NTNU sitt Onsager Fellowship rekrutterer unge, internasjonalt kjende forskarar for å styrkje universitetet sitt fagmiljø.[85]

Forskingssamarbeid[endre | endre wikiteksten]

NTNU er vertskap for ECCSEL, eit europeisk forskingssamarbeid og ein europeisk laboratorieinfrastruktur innan fangst, transport og lagring av karbondioksid (CO.2).[86] Regjeringa løyvde 100 millionar kroner til NTNU og ECCSEL i tilleggsproposisjon til statsbudsjettet for 2014.[87]

NTNU samarbeider med rundt 200 universitet i verda om forsking og utdanning. Prioriterte område er EU, USA, Kina og Japan. NTNU sine forskingssamarbeid og nettverk internasjonalt er innan energi og petroleum, ressursar og miljø, globalisering, informasjon og kommunikasjonsteknologi, marin og maritim forsking, materialar, medisinsk teknologi og nord-sør. NTNU og Universitetet i Bergen har gått inn i ein avtale med Innovasjon Norge og Noreg sin ambassade i Tokyo og oppretta ein rådgjevarstilling knytt til ambassaden, for å styrke Noreg og Japan sitt samarbeid om forskning og utdanning.[88]

Det tverrfaglege NTNU NanoLab[89] samlar forskarar innan nanoteknologi/nanovitenskap og leier NorFab – Norwegian Micro- and Nanofabrication Factory.[90]

Gemini-sentera er eit samarbeid mellom NTNU, SINTEF og Universitetet i Oslo om å byggje større fagmiljø på tvers av organisatoriske grenser innan ulike fagområde.[91]

NTNU deltek i tre frittståande sentre:

  • Gassteknisk senter er eit senter for gassteknisk undervising, forsking, utvikling og innovasjon som NTNU og SINTEF samarbeider om.[92]
  • Prosjekt Norge – Norsk senter for prosjektretta verksemd[93] er ein samlingsstad for kompetanseutvikling innan prosjektarbeid som samlar næringsliv, forvalting, forsking, utdanning og organisasjonar. NTNU er førande akademisk partner i Prosjekt Norge[94]
  • Senter for fornybar energi (SFFE) er eit senter for undervising, forsking, utvikling og innovasjon innan fornybar energi som NTNU, SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE) og Universitetet i Oslo samarbeider om.[95]

NTNU har fleire samarbeidspartnarar innan forsking, utdanning og innovasjon: SINTEF, St. Olavs Hospital, NTNU Samfunnsforskning AS, Norsk senter for bygdeforsking, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT 1 2 3), Innovasjonssenteret Gløshaugen, Matematikksenteret, Nasjonalt senter for realfagrekruttering, NTNU Technology Transfer AS (TTO), NTNU Discovery, Verdi NTNU, Trådløse Trondheim og Toppidrettssenteret i Granåsen.

Forskarutdanning[endre | endre wikiteksten]

Forskarutdanninga er normert til tre år. Det er òg vanleg med eit fjerde år der kandidaten underviser. Kandidatane bidreg i stor grad til forskinga ved NTNU. Utdanninga er internasjonalt retta og det er mogeleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet.

Forskarutdanninga går også føre seg gjennom Noregs forskingsråd si satsing Nasjonale forskarskular. NTNU er ansvarleg for, eller partner i, fleire av forskarskolane.[96]

Antall ferdige ph.d.grader har frå 2011 vore meir enn 300 pr. år. I 2020 var tallet 406, mot 134 ved slutten av NTNU sitt første studieår, 1996/-97. Dei fleste doktorgradane er innanfor teknologifaga, 242 i 2020 (134 i -96/-97). Medisin har nest høyeste tall, med rundt 92 i 2020 (7 i -96/-97). Profesjonsfaga ligg, rimeligvis, lågast når det gjeld ph.d.gradar. Arkitekt- og psykologutdanninga hadde 20 ph.d.gradar i 2020. Musikk- og kunststudentane kan ta ph.d.grad i kunstnerisk utviklingsarbeid, som er sidestilt med forsking.[97]

Kunstnerisk utviklingsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Cellist og PKU-stipendiat Marianne Baudouin Lie med Trondheim Sinfonietta, 2014. Konserten var del av PKU-prosjektet hennar
Foto: Alice Winnberg

Universitets- og høgskolelova[98] reknar kunstnerisk utviklingsarbeid som jambyrdig med forsking.

«Kunstnerisk utviklingsarbeid dekker kunstneriske prosesser som fører fram til et offentlig tilgjengelig kunstnerisk produkt. I denne virksomheten kan det også inngå en eksplisitt refleksjon rundt utviklingen og presentasjonen av kunstproduktet.»[99]

For arkitektar vil kunstnerisk verksemd oftast være arkitekturfagleg praksis, og ved Fakultet for arkitektur nyttast omgrepet «kunstnerisk og arkitektonisk utviklingsarbeid».[100]

I 2003 blei det nasjonale «Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid» skipa. Seinare har programmet fått eit overordna ansvar for å stimulere og fokusere på kunstnerisk utviklingsarbeid i Norge. Det skifta namn til «Program for kunstnerisk utviklingsarbeid (PKU)», og består av to delar: stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet.[101]

Stipendiatprogrammet

Programmet starta i 2003, og er ein parallell til forskerutdanningane.[102] Det er organisert som dei akademiske doktorgradsprogramma, og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. Deltakarane i programmet får arbeide med kunstnerisk utviklingsarbeid på høgste nivå. Ved NTNU kan både kunstnarar, arkitektar og musikarar søkje om opptak.[103]

Pr. 2016 førte ikkje stipendprogrammet fram til ein akademisk grad, men Nasjonalt råd for kunstnerisk utviklingsarbeid anbefaler nå, etter erfaring med programmet i 20 år, at det utviklast til eit doktorgradsprogram, som skal føre fram til ein ph.d.-grad.[104]

Prosjektprogrammet

Dette programmet starta i 2010 og skal dele ut middel til kunstnerisk utviklingsarbeid blir utført av tilsette ved høgre kunstutdanningsinstitusjonar. Ved NTNU har fleire prosjekt fått pengar sidan første tildeling i 2011.[105]

Nyskaping[endre | endre wikiteksten]

Innovasjon og gründerhjelp ved NTNU omfattar entreprenørskap i utdanning og forsking, hjelp og startstønad til studentar og tilsette med å utvikle idéar og skape bedrifter, og tilbod til næringslivet om ekspertise, rekruttering av studentar, samarbeid om forsking, studentoppgåver og doktoravhandlingar, etter- og vidareutdanning i bedrifta og sal av teknologi og laboratorietenester.

Technology Transfer Office tilrettelegg blant anna for policy, rettar og kontraktar.[106] Mange norske bedrifter spring ut frå NTNU og SINTEF sine forskings- og innovasjonsmiljø.[107] I nyare tid har blant andre den forskings- og spelbaserte læringsplattforma Kahoot! gjort suksess.[108]

Som tredje universitet i verda har NTNU inngått samarbeidsavtale med CERN.[109]

Kompetansesenteret IPIN Intellectuell Property Institute of Norway arbeidde for å sikre immaterielle verdiar og intellektuelle rettar.[110] Verksemda blir vidareført gjennom CIP – Center for Intellectual Property. CIP er eit kompetansesenter for næringsliv, FoU-miljø og dei som tek beslutninger i det offentlege. Senteret blei etablert i 2000 ved Chalmers tekniska högskola og Göteborgs universitet. Formålet er å betre bevisstheit rundt immaterielle verdiar, og bidra til å skape industrielle konkurransefortrinn i ein global kunnskapsøkokonomi. NTNU blei en partnar i 2016.[111]

Publisering og formidling[endre | endre wikiteksten]

Ni minutters video som forklarer Open Access
opphavsmann: Jorge Cham

Universiteta publiserar artiklar og andre publikasjonar om forsking, berekna på fagmiljø ved og utanfor institusjonen. I 2008 avgjorde rektor at NTNU skulle ha eit institusjonelt arkiv, der dokumentasjon av den vitskaplege produksjonen ved institusjonen skulle lagrast i eit fulltekstarkiv. Formålet er at mest mogeleg av materialet skal være tilgjengeleg både nasjonalt og internasjonalt.[112] NTNU Universitetsbiblioteket har systemansvar for det elektroniske arkivet, DiVA.[113]

NTNU har lansert sin eigen publiseringspolitikk for 2014–2020.[114] For å auke åpen publisering (Open access (OA))[115], har NTNU oppretta eit publiseringsfond.[116] Universitetsbiblioteket har etablert tjenesten NTNU Open Access Journals for forskarar og fagmiljø som ønsker å starte opp fagfellevurderte OA-tidsskrift.[117] Frå juni 2014 krev Forskningsrådet åpen tilgang til alle vitskaplege artiklar der forskinga heilt eller delvis er finansiert av Forskningsrådet.[118] EUs Horizon 2020-program krev OA for all forsking som blir finansiert av rammeprogrammet 2014–2020.[119]

Samfunnsoppdraget omfatter òg formidling av nyheiter til allmenta, om institusjonen og om forskingsprosjekt og forskingsresultat. Nettavisa Universitetsavisa, som blei starta opp i 1991, gir ut nyheiter om NTNU. I perioden 1996–vår 2002 blei Universitetsavisa utgjeve både i trykt og digital utgåve. Frå hausten 2002 finst ho berre i digital utgåve.

NTNU og SINTEF publiserer forskingsresultat og informasjon om forskingsprosjekt på den populærvitskaplege nettstaden Gemini.no. Gemini kom ut som avis i 1987–1993, og som trykt magasin og digital magasinutgåve i 1993. I 2015 blei det digitale magasinet erstatta av daglege nyheiter på Gemini.no[120]

NTNU har ekspertlister med allmennretta tema, der journalistar og andre finn forskarar som svarer på spørsmål innan mange forskingsfelt.[121]

Kjønnsbalanse[endre | endre wikiteksten]

Professor Fiskaa med arkitektstudentar, rundt 2000
Foto: Sverre Flack

Kjønnsfordelinga ved NTNU varierer mellom fagområda. Det er dei tekniske faga, ingeniørfaga, som er klart mannsdominerte, både når det gjeld vitskapleg tilsette og studentar.

Humaniora, samfunnsvitskap og medisin har om lag 60 % kvinnelege studentar (2010-tall). Statistikken syner at kvinneandelen aukar også innanfor dei teknologiske faga. I 1998 hadde til dømes Fakultet for elektroteknikk og telekommunikasjon ti prosent kvinnelege studentar. I 2001 hadde talet auka til om lag 20 %.[122] Ei av årsakene til denne auken, er NTNU si satsing på å auke kvinneandelen innanfor teknologifaga, mellom anna gjennom prosjekt som «Jentedagen»,[123] for jenter på vidaregåande skole, og «Jenteprosjektet Ada», der det blir lagt vekt på å rekruttere og behalde kvinnelege studentar innanfor IKT-fag.[124] «Jenteprosjektet Ada» er ei vidareføring og utviding av «Jenter og data», som berre omfatta datateknikk og kommunikasjonsteknologi.[125] Jenteprosjektet Ada arrangerer den årlege «Teknologicampen», for å rekruttere jenter til IKT.[126]

Når det gjeld vitskaplege stillingar, aukar andelen kvinner langsomt: I 2010 var 19 % av professorane ved NTNU kvinner, i 2016 24 %.[127] Innanfor medisin, humaniora og arkitektur er dei kvinnelege stipendiatane i fleirtall innan fleire felt, men heller ikkje her er det balanse innanfor dei vitskaplege stillingane. Det er til dømes dobbelt så mange mannlege som kvinnelege professorar. Fusjonen har ikkje ført til merkbare endringar.[128]

Både NTNU og Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif) erkjenner at likestillingsarbeid kan bli liggande nede i ein fusjonsprosess, men ser òg organisasjonsendringa kan gjere det mogeleg å fremje kjønnsbalanse og likestilling i den nye institusjonen. Dei arrangerte ein felles konferanse i juni 2016: «Strukturreformen i UH-sektoren: Lovende for likestilling?»[129]

Rangering[endre | endre wikiteksten]

THE World University Rankings rangerte NTNU i mars 2017 som nummer 1 blant alle universiteter i verden når det gjeld publiseringssamarbeid med ein enkelt industripartnar. 9,1 prosent av forskingspublisering frå NTNU er i samarbeid med SINTEF.[130]

NTNU er rangert slik på internasjonale rangeringslister:

Namn på rangeringa 2023 2022 2021 2020 2019 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003
CWUR World University Rankins[131] 178 176 182 178 162 263 267 270 243 286
U-Multirank[132] 9 7 9 7 10 6
Academic Ranking of World Universities[133] 101-150 101-150 101-150 101-150 101-150 101-150 101-150 101-150 101-150 201-300 201-300 201-200 201-300 201-300 201-302 201-302 203-304 201-300 203-300 302-403 301-400
CWTS Leiden Ranking[134] 189 199 205 210 217 218 216 233 303 331 287 240 (2011/2012)
THE World University Rankings[135] 401-500 401-500 401-500 401-500 351-400 251-300 351–400 351-400 251-275 251-275 251-275 251-275
THE-QS World University Rankings /

QS World University Rankings[136]

352 352 369 360 359 259 259 259 254 246 251 289 266 237 270 328 301
Webometrics[137] 202 202 187 187 182 892 212 202 174 133 142 72 116 49/61 54

– = Ikkje rangert blant verdas 200 beste universitet.
• = Undersøkinga ikkje gjennomført dette året.

Nobelprisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

I 2014 gjekk Nobelprisen i fysiologi eller medisin til to NTNU-forskarar. Dette er første gang denne prisen er gått til nordmenn. I alle fem nobelprisvinnarar har, eller har hatt, tilknyting til NTNU og den tidlegare eininga NTH:

Æresdoktorat og annan heider[endre | endre wikiteksten]

Fra venstre: Rektor Bovim, Ingar Dragset, Michael Elmgreen. Kunstnarane Elmgreen & Dragset blei utnevnt til æresdoktorar ved NTNU i 2015
Foto: Thor Nielsen/NTNU

Sidan opprettinga i 1996 er det årleg, bortsett frå i 1999, vorte utnemnt æresdoktorar ved NTNU Før den tida kunne det, ved UNIT og dei tidlegare einingane, gå fleire år mellom kvar tildeling av eit æresdoktorat. Den første tildelinga skjedde i 1935, etter at det ved kgl.res. 31. mai 1935 blei gitt høve til å utnemne æresdoktorar ved NTH.[139]

NTNU deler òg ut andre utmerkingar:

  • Gunnerusprisen i bærekraft er ein internasjonal pris, som NTNU frå 2017 deler ut saman med Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).
  • Lars Onsager-forelesinga og Lars Onsager-professoratet er æresverv som blir tildelt årleg, til minne om Lars Onsager, som fekk Nobelprisen i kjemi i 1968. Både forelesar og æresprofessor mottek Onsagermedaljen.
  • NTNUs Jazzpris er ein musikkpris som blei delt ut første gang i 2019. Den skal delast ut kvart år under den årlege Trondheim Jazzfestival (Jazzfest). Prisen tok over etter ordninga med NTNU-jazzambassadør, og er eit samarbeid mellom Jazzfest og NTNU.
  • NTNU-kunstner er ein ærestittel. Den blir årleg delt ut i samarbeid med juryen for Trøndelagsutstillingen. Ordninga blei etablert i 2011.
  • NTNUs filmpris[140] blei første gang delt ut under filmfestivalen Kosmorama i 2016. Prisen «[…] skal sette fokus på aktører som jobber for å fremme trøndersk filmproduksjon og ved hjelp av sine egne aktiviteter er med på å synliggjøre og utvikle det filmfaglige miljøet i Trondheim- og Trøndelagsregionen».[141]
  • NTNUs kammermusikkpris. Prisen blei første gang delt ut under Trondheim kammermusikkfestival 2015.
  • NTNUs litteraturpris blir delt ut årleg, vekselvis til eit faglitterært og eit skjønnlitterært verk. Første tildeling går til eit skjønnlitterært verk, og blir delt ut under litteraturfesten i oktober 2017. Utgangspunktet for prisen er samarbeidet mellom Litteraturhuset i Trondheim og NTNU.[142]
  • NTNUs ærespris

Campusar[endre | endre wikiteksten]

Sirklene markerer NTNUs campuser i Trondheim pr. 2015
Grafikk: NTNU Kommunikasjonsavdelingen

NTNU har vald å bruke omgrepet «campus» også der undervisning og forsking held til berre i eit bygg, eller i deler av eit bygg.[143]

NTNU hadde pr. 1. januar 2017 verksemd på fleire stader i og utanfor Trondheim:[144]

  • Dragvoll: Hovedcampus for humaniora og samfunnsvitskap
  • Elgeseter: NTNU Handelshøgskulen (tidlegare HiST)
  • Gløshaugen: I hovudsak arkitektur-, design- og teknologifag.
  • Innherredsvegen: Kunstakademiet
  • Kalvskinnet: NTNU Vitskapsmuseet, Gunnerusbiblioteket og delar av ingeniørutdanninga (tidlegare HiST)
  • Innherredsvegen: Kunstakademiet
  • Moholt: Delar av Institutt for lærarutdanning (tidlegare HiST)
  • Olavskvartalet: Institutt for musikk, konservatorieutdanninga
  • Tunga: Ergoterapi, vernepleie, audiologi og delar av Institutt for sosialt arbeid (tidlegare HiST)
  • Tyholt: marin teknikk
  • Øya: Fakultet for medisin og helsevitskap. Universitetssjukehuset St. Olavs hospital

Frå 2016 har universitetet i tillegg campusar på Øst- og Vestlandet:

  • NTNU i Gjøvik: sjukepleie- og helsefag, omsorgsforsking, informasjonssikkerheit, økonomi, teknologifag og leiing
  • NTNU i Ålesund: internasjonal business, ingeniør- og realfag, maritim teknologi og operasjonar, biologiska fag og helsefag

Andre universitetsområde[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til campusane i lista ovanfor, har NTNU verksemd på desse stadene i og utanfor Trondheim:

  • Brattøra (Trondheim) – NTNU Senter for fiskeri og havbruk (SeaLab)
  • Granåsen (Trondheim) – Senter for toppidrettsforsking (SenTIF)
  • Heggdalen, Trondhjem biologiske stasjon
  • Kongsvoll (Dovre). Her har NTNU Vitskapsmuseet ein biologisk stasjon, med lokale på Kongsvold Fjeldstue, og ein fjellhage på omkring åtte dekar. Naturhagen viser staden sin eigen vegetasjon. Her formidlar muséet kunnskap om det botaniske mangfaldet på Dovrefjell.[145]
  • Lerkendal og Valgrinda, også kalla søre Gløshaugen – petroleumsfag, vatn- og miljøteknikk.
  • Ringve botaniske hage. Den botaniske hagen høyrer inn under Vitskapsmuseet
  • Østmarka, psykiatri

Campusutvikling i Trondheim[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser konkurranseområdet for idé- og plankonkurransen. (Raud ellipse)

Dei to største campusane i Trondheim er Gløshaugen og Dragvoll. NTNU har i fleire rundar vurdert moglegheita av å samle desse fagmiljøa på og i nærleiken av Gløshaugen, blant anna på grunn av plassmangel på Dragvoll. Kunnskapsdepartementet sette i 2013 i gang arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for framtidig lokalisering av NTNU.[146] Parallelt med dette arbeidet sette rektor i gang NTNU sitt visjonsprosjekt, med mandat å utarbeide visjonar for campusutvikling for heile NTNU i eit 50-årsperspektiv.[147] Rapportane frå begge gruppene blei lagt fram i 2014. Begge rapportane tilrådde ei tettare samling av campusane, meir eller mindre integrert i byen. Eit einstemmig NTNU-styre slutta seg til tilrådinga i visjonsrapporten. Konseptvalutgreiinga gjennomgjekk etter dette ei ekstern kvalitetssikring (KS1).

I august 2015 leverte dei som sto for den eksterne kvalitetssikringa, Møreforskning Molde og konsultentfirmaet Metier, sin endelege rapport til Kunnskapsdepartementet. Dei konkluderte med at ein samla campusløsning var mest samfunnsøkonomisk lønnsamt, og mest hensiktsmessig, sett i lys av fusjonen med høgskolane i Sør-Trøndelag, Ålesund og Gjøvik.[148]

I september 2015 kunngjorde regjeringa at dei gjekk inn for ei samling av NTNU sin aktivitet i Trondheim på og omkring Gløshaugen.[149]

I oktober 2016 slutta NTNU sitt styre seg til rektor si tilråding om nye bygg plassert vest for Gløshaugen, ned mot Elgeseter.

Idé- og plankonkurranse

I november 2016 blei første del av ein idé- og plankonkurranse for området Gløshaugen–Elgeseter–Øya utlyst. Campusprosjektet ved NTNU samarbeider tett med kommunen, som òg var representert i juryen.[150]

Innleveringsfrist for konkurransen var 13. januar 2017. Tre dagar før dette, 10. januar 2017, vedtok formannskapet at de forutset at grøntområdet i Høgskoleparken blir varetatt, og at NTNU bør ha eit sterkt nærvær i Midtbyen innafor elveslyngen.[151]

Det har vore stort engasjement rundt konkurransen, politisk, frå befolkning og næringsliv i byen[152] – og i media, særskilt etter at formannskapet understreka sine krav om å vareta parken.[153][154]

I februar 2017 blei fem prosjekt valgte ut for vidare bearbeiding.[155]

15. mai 2017 blei det offentliggjort at KOHT arkitekter hadde vunne den anonyme konkurransen, del 1, med sitt prosjekt «Veien videre».[156] Arkitektkontoret blei etablert i november 2016, og består av fire unge arkitektar utdanna frå NTNU. Juryleiaren sa at dei vann fordi deira konsept gjev den best moglegheit for fortsatt utvikling av campus.[157]

Vi har forholdt oss fleksibelt til spørsmålet om bygging/ikke bygging i parken. Vi tror det er mulig å legge bygg i tilknyting til den: Det må være generøse bygg, som ikke stjeler fra parken.

Anders Bjørneseth, ein av arkitektane i det prisvinnande KOHT arkitekter
[157]
Nokre av bygningane til NTNU

Bygningsmassen ved NTNU omfattar bygg frå midten av 1700-talet til bygningar som er ferdigstilte etter 2000

Studentliv[endre | endre wikiteksten]

Studenttingsmøte i rådssalen, Hovedbygningen på Gløshaugen. Desember 2015

I 2014 utførte studentsamskipnadene i Oslo, Bergen og Trondheim ei omfattande undersøking for å kartleggje studentane si helse og trivsel, SHOT 2014. I undersøkinga utmerkte NTNU seg, saman med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Høgskulen i Sogn og Fjordane, med spesielt godt studentmiljø.[158] Studentmiljøet omfatta i undersøkinga studentane sitt nærmiljø, omgivnadene dei lever i og identifiserer seg med.

Det organiserte studentlivet omfattar både sosiale og kulturelle organisasjonar og studentane sin medverknad i utvikling av NTNU

Studentdemokratiet ved NTNU er organisert med tillitsvalde i ulike råd og organ. Dei viktigaste er studentråda, Studenttinget og Velferdstinget.[159]

Studentane har to representantar i NTNU sitt styre.

Studentane i dei tre byane har eigne møtelokale: «Huset» i Gjøvik; «Banken Studenthus» i Ålesund og Studentersamfundet i Trondhjem, eller «Samfundet». I alle blir det arrangert kulturarrangement og konsertar, i tillegg til at dei er utestader. Det største kulturarrangementet er UKA, som blir arrangert i Trondheim annakvart år. Studentersamfundet har òg ein eigen radio- og TV-kanal og er deleigar i studentavisa Under Dusken, som blei utgjeve første gang i 1914. Avisa blir utgjeve annakvar veke gjennom studieåret.

NTNUI er den største idrettsforeininga i Noreg, med meir enn 12 000 medlemer.[160] Forgjengaren, NTHI, blei stifta allereie i NTH sitt første år, 1910.

NTNU har ei rekkje linjeforeiningar knytte til dei ulike studieretningane. Formålet med foreiningane er å tilby eit sosialt fellesskap, og i varierande grad også å ha eit fagleg program, som gjesteforelesingar, kurs og kontakt med bedrifter.

Studentorganisasjonen Bindeleddet-NTNU arrangerer «Karrieredagen», bedriftspresentasjonar og anna som kan formidle kontakt mellom NTNU-studentane og næringslivet.[161]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fakta om NTNU
  2. Tidslinje som viser NTNU si historie
  3. Devik (1960) s. 33–40
  4. Kirke-, utdannings- og forskningskomiteens innstilling 1996 om NTNUs organisering
  5. Rabben, Magne B. (2010) 1996 - NTNU blir etablert
  6. Larsen, Rolf L. (1995) «Studenter føler seg overkjørt». I: Aftenposten, 21. mars 1995
  7. NTB-tekst 16. mars 1995: Teknisk-naturvitenskapelig universitet i Trondheim
  8. Underdal-utvalgets rapport, NOU 1995:28
  9. St meld nr 24 (1995–96)
  10. Brevet fra KD, med beskrivelse av oppdraget
  11. Rektoratet sin blogg, NTNU
  12. Meld. St. 18 (2014–2015).
  13. NTNU blir landets største universitet
  14. NTNU-styret vedtok fusjon med de tre høyskolene
  15. Bovim, Gunnar; Helge Klungland; Marianne Synnes; Jørn Wroldsen (4. mars 2015) «Fusjonerer for å bli fremragende sammen». I: Adresseavisen
  16. Regjeringa sin omtale av fusjonen, Kgl. res. 19. juni 2015
  17. Jones, Hanna Maria (15. juni 2015) «På vei inn i fusjonen». HiST.no
  18. Landsverk, Johanne (1. oktober 2015) «- Fusjonen vil gje betre bibliotektenester». I: Forskerforum
  19. Risa, Øystein og Øystein Moen (27. mai 2015) «Mange mot fusjon – mangler tillit». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 2. mars 2016, henta 3. mars 2016 
  20. Mikkelsen, Solveig (16. oktober 2015) «NTNUs tidligere styreleder tror fusjonen vil redusere kvaliteten» . I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 2. mars 2016, henta 3. mars 2016 
  21. Kristiansen, Kai og Svein I. Meland (28. januar 2015) NTNU-styret vedtok fusjon med de tre høyskolene I: Adresseavisen
  22. NTNUs lenkeliste til eksterne mediers dekning av fusjonsprosessen
  23. Landsem, Elise (6. februar 2015) Fusjon for fremtiden. På Studenttinget.no, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 3. mars 2016 
  24. Jor, Eira L. (29. januar 2015) «Studenter både skeptiske og begeistret for fusjon». I: Khrono
  25. Tidsplan for fusjonen
  26. Tall fra DBH, Database for høgre utdanning. Lenka går til DBH si «forside», arkivert frå originalen 5. desember 2010, henta 3. mars 2016 
  27. Om: Årsplan for 2016, samt langtidsutsikter 2017-2019. Notat fra rektor til styret, 12. november 2015, side 9. NTNUs hjemmeside. (lese 20. februar 2016)
  28. Flickr-album med alle styre- og varamedlemmer
  29. Universitets- og høyskoleloven §9-3 om styret si samansetjing: «Styret har elleve medlemmer og består av styreleder, tre medlemmer valgt blant ansatte i undervisnings- og forskerstilling, ett medlem valgt blant de teknisk og administrativt ansatte, to medlemmer valgt blant studentene og fire eksterne medlemmer. Hvis rektor er valgt etter § 10-1, er rektor styrets leder. Hvis rektor er ansatt etter § 10-4, erstattes rektor av ett medlem valgt blant ansatte i undervisnings- og forskerstilling, og departementet utpeker ett av de eksterne medlemmene til å være styrets leder.»]
  30. Kunnskapsdepartementet (28. juni 2021), «Nytt styre ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet», Regjeringa.no, henta 29. juni 2021 
  31. 31,0 31,1 Oksholen, Tore (13. desember 2019), «Her er NTNUs nye rektor», universitetsavisa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 31. oktober 2020, henta 18. mars 2020 
  32. Meland, Svein Inge (25. november 2015) «Sunnmøringene best ut i nytt NTNU-styre»: I: Adresseavisen, s. 8
  33. Notat om arbeidet med einsarta leiing
  34. Notat fra Rektor til Styret
  35. Prorektors NTNU-side, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 7. mars 2016 
  36. Klungland si profilside, NTNU
  37. Furberg, Kristoffer (16. juni 2016). «Wroldsen fikk jobben som viserektor i Gjøvik». Universitetsavisa.no. Arkivert frå originalen 31. januar 2017. Henta 7. februar 2017. 
  38. Furberg, Kristoffer (26. oktober 2016). «Annik Magerholm Fet blir ny viserektor for NTNU i Ålesund». Universitetsavisa.no. Arkivert frå originalen 17. november 2016. Henta 7. februar 2017. 
  39. Rektorar ved institusjonane som blei innlemma i NTNU i 1996
  40. 40,0 40,1 Oksholen, Tore (16. august 2019), «Gunnar Bovim går av som rektor», universitetsavisa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 17. august 2019, henta 20. august 2019 
  41. Oksholen, Tore (15. februar 2016) «Rektors forslag vedtatt, men vernepleierne flyttes». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 18. februar 2016, henta 3. mars 2016 
  42. Mikkelsen, Solveig (14. april 2016) «Medisin vant fram - delseier til to andre». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 15. august 2016, henta 6. juli 2016 
  43. Universitetsavisa. Liste over alle nye, tilsette dekanar (2005)
  44. Universitetsavisa om tilsette instituttleiarar, arkivert frå originalen 30. september 2015, henta 5. november 2014 
  45. NTNU sin oversikt over administrative einingar
  46. oversikt over NTNUs studieprogram
  47. Tall og fakta om UiO
  48. 48,0 48,1 NTNU sine utdanningsområde
  49. Samordna opptak sin informasjon om realkompetanse
  50. Om opptak til KiT
  51. Masterprogram (5- og 6-årige) ved NTNU
  52. Eksempel på styrets behandling av opptaksrammer. (studieåret 2016/17)
  53. NTNU sin nettstad for kvalitetssikringssystemet
  54. NOKUT-rapporten om NTNUs kvalitetssikringssystem (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. november 2014, henta 5. november 2014 
  55. Brandt og Nordal, s. 442
  56. Universitetsloven § 1-3 i)
  57. NTNU Videre sin nettstad
  58. Nettsted for Toppundervisningssatsingen
  59. Notat fra NTNUs styre 10.06.2015
  60. Fra NOKUTs informasjon om SFU-ordningen, arkivert frå originalen 7. oktober 2016, henta 16. mai 2017 
  61. NTNU om tildelingene
  62. Furberg, Kristoffer (1. september 2015) «Forskere inntar skolene» Arkivert 2017-09-21 ved Wayback Machine.. I: Universitetsavisa
  63. NTNU om universitetsskolene
  64. om forskinga ved Vitskapsmuseet
  65. Forskinga ved NTNU
  66. NTNU sin oversikt over laboratoria
  67. NTNU sin informasjon om satsingsområda
  68. [1]
  69. Stjerneprogrammet NTNU
  70. «NTNU bygger stjernelag» Arkivert 2014-10-19 ved Wayback Machine., Universitetsavisa 26. mars 2014
  71. EU sitt rammeprogram Horisont 2020
  72. om NTNU-forskerar som har fått stipend frå ERC
  73. Det europeiske forskningsrådet (ERC)
  74. «NTNU på plass i Brussel», Adresseavisen (23. september 2015)
  75. «NTNU og UiB spleiser på en felles rådgiver i Japan» Arkivert 2016-06-24 ved Wayback Machine., Universitetsavisa (10. desember 2015)
  76. Sentre for forskningsdrevet innovasjon (SFI), Noregs forskningsråd, arkivert frå originalen 27. desember 2016, henta 5. november 2014 
  77. NTNU sin oversikt over SFI
  78. NFR si side om SFF
  79. NTNU sin oversikt over SFF
  80. NFR sin informasjon om FME, arkivert frå originalen 31. august 2017, henta 5. november 2014 
  81. Forskningsrådet bevilger åtte nye forskningssentre for miljøvennlig energi (FME)
  82. NTNU sin oversikt over FME
  83. Cardiac Exercise Research Group, NTNU
  84. Myelomatose, NTNU
  85. NTNU Onsager Fellowship, arkivert frå originalen 20. oktober 2014, henta 5. november 2014 
  86. ECCSEL – European Carbon dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure
  87. ECCSEL får 100 mill, Universitetsavisa november 2013, arkivert frå originalen 19. oktober 2014, henta 5. november 2014 
  88. Bergstrøm, Ida (1. mars 2016) «Hiroshi Matsumoto blir NTNUs nye mann i Japan». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 7. mars 2016 
  89. NTNU NanoLab
  90. NorFab
  91. NTNU sin informasjon om Gemini-sentera, med liste over alle
  92. Gassteknisk senter, arkivert frå originalen 26. februar 2012, henta 5. november 2014 
  93. Prosjekt Norge sin nettstad
  94. Prosjekt Norge – nytt senter for prosjektrettet virksomhet på NTNU
  95. SFFE sin nettstad
  96. NFR sin informasjon om forskarskolane
  97. Kilde for tallene: DBH, Database for høgre utdanning. Lenken fører til DBHs forside, arkivert frå originalen 5. desember 2010, henta 3. mars 2016 
  98. «Lov om universiteter og høyskoler». 
  99. Tolking av omgrepet frå eit utval nedsett av Universitets- og høgskolerådet i 2006. Presentert i rapporten Vekt på kunstnerisk utviklingsarbeid, arkivert frå originalen 3. oktober 2015, henta 3. mars 2016 
  100. Fakultetets omtale av begrepet
  101. Regjeringens informasjon om programmet
  102. Om stipendiatprogrammet, arkivert frå originalen 14. mars 2016, henta 3. mars 2016 
  103. NTNUs innformasjon om programmet
  104. Referat fra møte i UHR (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 24. februar 2016, henta 3. mars 2016 
  105. Prosjektprogrammets oversikt over tildelinger, arkivert frå originalen 14. mars 2016, henta 3. mars 2016 
  106. TTO Technology Transfer Office sin nettstad
  107. «Så du trodde Gerhardsen bygde landet?» Gemini, 1. juli 2007
  108. «Læreprogram for mobil vart Årets teknologibragd», Gemini 4.februar 2014
  109. Prorektor om samarbeidsavtale med CERN
  110. Næringsliv og politikk, IP-rettar, arkivert frå originalen 2. oktober 2015, henta 3. mars 2016 
  111. CIPs offisielle nettsted
  112. Rektors notat til fakultetene om arkivet
  113. Om DiVA
  114. NTNUs publiseringspolitikk 2014–2020
  115. Åpen publisering/Open accsess
  116. Gir millionbeløp til åpen publisering, Universitetsavisa 14.03.13, arkivert frå originalen 29. november 2014, henta 7. mars 2016 
  117. NTNU Open Access Journals
  118. Forskningsrådet om åpen tilgang, juni 2014 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. november 2014, henta 7. mars 2016 
  119. [Horizon 2020 om Open Access]
  120. Forskningsmagasinet Gemini
  121. NTNUs ekspertlister
  122. Brandt og Nordal, s. 475
  123. NTNUs informasjon om Jentedagen 2016
  124. Nettsted for «Jenteprosjektet Ada»
  125. Brosjyre for «Jenter og data»
  126. Teknologicampens nettsted
  127. Normannsen, Sølvi W. (23. mai 2016) «Ti grafer som viser hvordan det står til med kjønnsbalansen». I: Universitetsavisa.no, arkivert frå originalen 8. juni 2016, henta 6. juli 2016 
  128. Normannsen, Sølvi W. (19. mai 2016) «NTNU sliter med kjønnsbalansen: 60 lederjobber skal lyses ut, nå kaller Bovim på kvinnene». I: Universitetsavisa.no, arkivert frå originalen 22. mai 2016, henta 6. juli 2016 
  129. Strukturreformkonferansens nettsted
  130. THE World University Rankings
  131. CWUR World University Rankings
  132. U-Multirank
  133. Academic Ranking of World Universities
  134. CWTS Leiden Ranking
  135. THE World University Rankings
  136. QS World University Rankings, viderefører THE-QS World University Rankings fra før 2010.
  137. Webometrics Ranking of World Universities
  138. Sølvi WaterlooNormannsen (8. desember 2014). «John O´Keefe blir professor II ved NTNU». Arkivert frå originalen 21. desember 2018. Henta 3. mars 2016. 
  139. Devik (1960), s. 151
  140. Filmprisen, litteraturprisen og kammermusikkprisen har nye namn frå hausten 2017. Tidlegare blei dei kalla NTNU Filmpris; NTNU Litteraturpris og NTNU Kammerpris. Meir informasjon tilgjengeleg frå NTNU Kommunikasjonsavdelinga
  141. Fra Kosmoramas omtale av prisen, arkivert frå originalen 7. september 2017, henta 21. september 2017 
  142. Rishaug, Frida (14. juli 2017). «Ny litteraturpris i Trondheim». Adresseavisen. 
  143. Oversikt over NTNUs campusar
  144. NTNUs oversikt over campusar og andre universitetsområde
  145. Informasjon frå Vitskapsmuséet om fjellhagen
  146. Konseptvalutgreiinga
  147. Samandrag av Visjonsrapporten
  148. Regjeringa si omtale av rapporten, og sjølve rapportteksten
  149. Oksholen, T. og K. Furberg (8. september 2015) «Regjeringen samler NTNU». I: Universitetsavisa.no, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 17. mars 2016 
  150. NTNU sin nettstad med informasjon om konkurransen
  151. Lundmo, Trygve (3. mai 2017). «Campus-konkurransen kom på feil tidspunkt». Adresseavisen. 
  152. Innspill til overordnet lokalisering fra Næringsforeningen i Trondheimsregionen
  153. Semb, Ingebjørg (6. april 2017). «En unik ressurs». Arkitektnytt. 
  154. Bjørgan, Espen Halvorsen (8. mai 2017). «–NTNU sier de ønsker dialog, men vi føler ikke at vi blir hørt». Universitetsavisa. Arkivert frå originalen 15. mai 2017. Henta 16. mai 2017. 
  155. Furberg, Kristoffer (13. februar 2017). «Fem konsepter valgt for NTNUs campussamling». Universitetsavisa.no. Arkivert frå originalen 17. juli 2017. Henta 16. mai 2017. 
  156. Konkurransebidraget «Veien videre»
  157. 157,0 157,1 Oksholen, Tore (15. mai 2017). «- Vi har et fleksibelt prosjekt». Universitetsavisa.no. Arkivert frå originalen 19. mai 2017. Henta 16. mai 2017. 
  158. SHoT 2014, s. 7
  159. Informasjon om studentråd, Studenttinget og Velferdstinget
  160. Frå NTNUI sin nettstad Lest 8. oktober 2014
  161. Bindeleddet-NTNU, arkivert frå originalen 10. mars 2016, henta 17. mars 2016 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]