Noregs vassdrags- og energidirektorat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs vassdrags- og energidirektorat


NVEs hovedkontor i Middelthuns gate 29 i Oslo Sjå dette på Wikidata
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.970205039
Skipa1921
MorselskapEnergidepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er ein norsk statleg etat underlagt Olje- og energidepartementet. NVE har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane i Noreg. NVE varetek også dei statlege forvaltingsoppgåvene innanfor skredførebygging.

NVEs oppgåver[endre | endre wikiteksten]

NVE har ansvar for å:

  • sikre ei samla og miljøvenleg forvalting av vassdraga
  • fremje ein effektiv kraftomsetnad, kostnadseffektive energisystem
  • bidra til ein effektiv energibruk
  • gjere samfunnet betre rusta til å handtere flaum- og skredfare
  • ha ei sentral rolle i beredskapen for ras, flaum og ulykker i vassdraga
  • leie den nasjonale beredskapen på kraftforsyning
  • behandle søknader om konsesjon for bygging av kraftstasjonar, kraftlinjer, transformatorar og andre installasjonar i kraftforsyninga, og regulering av vassdrag.
  • arbeide både med endringar som bidreg til å redusere klimagassutsleppa og til å tilpasse samfunnet til klimaendringane

I tillegg er NVE engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingsarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.

Direktoratet blei skipa i 1921.[1] Noverande vassdrags- og energidirektør er Kjetil Lund (2019). Han overtok etter Per Sanderud (2011–2019) og før dette var Agnar Aas direktør.

Reguleringsmyndigheita for energi (RME)[endre | endre wikiteksten]

RME,[2] tidlegare ei avdeling i NVE, elmarknadstilsynet, er no nasjonal reguleringsmyndigheit for kraftmarknad og nettsystem i Noreg. RME er frå 1. november 2019 ei eiga eining, utpeika av OED. RME skal utføre oppgåvene som uavhengig reguleringsmyndigheit for elektrisitets- og gassmarknaden, og ha ansvaret for effektiv regulering av kraftnettselskapa, føre tilsyn med at kraftmarknaden er velfungerande og skal ta hand om straumbrukarane sine interesser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om NVE», nve.no
  2. «Reguleringsmyndigheten», www.nve.no, henta 24. november 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]