Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1903

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
2. NM i fotball for menn
Sesong1903
TittelforsvararGrane
Finaledato27. september
VinnarOdd (1. tittel)
FinalistGrane
Lag i alt5
Kampar3
Mål3 (1 pr kamp)
FinaleresultatOdd - Grane 1-0
ArenaGamle Frogner stadion
FinaledommarFinn Hagemann, Lyn.
1902
1904

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1903 vart vunnen av Odd etter siger 1-0 over Grane den 27. september. Målskårar for Odd var Daniel Gasmann. Dommar var Finn Hagemann frå Lyn.[1] Kampen vart spelt på Gamle Frogner stadion i Kristiania og var eigentleg ikkje meint å vere den avgjerande kampen, men vart i ettertid oppgradert til finale. Kampen vart spelt same dag som semifinalane, og inngjekk i ei turnering som Grane arrangerte og som seinare fekk status som noregsmeisterskap. Dette var første gong Odd vann ein noregsmeisterskap, og klubben gjentok denne prestasjonen dei neste tre sesongane.

Odds vinnarlag: Andrew Johnsen – Guttorm Hol, Erling Jensen – Johan Schrøder, Paul Riis, Gustav Isaksen – Peter Hol, Finn Münster, Øivind Gundersen, Berthold Pettersen, Daniel Gasmann.

Granes lag:[2] Anton Endrerud – Carl Blix, Bjarne Vig – Sverre Strand, Wilhelm Wettergren, Sverre Nergaard – Olaf Olsen, Walter Aigeltinger, Emil Wettergreen, Eivind Thune Larsen, Theodor Dürendahl.

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Gamle Frogner stadion, 27. september

Finale[endre | endre wikiteksten]

Gamle Frogner stadion, 27. september

Mål: Daniel Gasmann

Avviklinga[endre | endre wikiteksten]

Det eitt år gamle Norges Fotballforbund prøvde i september 1903 å arrangere ei turnering for medlemmane i forbundet.[3] Forsøket var mislukka, av dei fire medlemmane i forbundet, melde berre to seg, Akademisk Fodboldklub og Grane. Klubben Smart frå Bestum kunne ikkje møte og Lyn trekte seg.[4] Akademisk og Grane spelte ein kamp som enda uavgjort 1-1.[4][5]

Grane tok derimot på eiga hand initiativ til å arrangere ein «noregsmeisterskap». Det er usikkert om arrangøren hadde noko rett til å gje turneringa dette namnet, og om turneringa faktisk vart rekna som ein noregsmeisterskap av deltakarar, presse og publikum.[5] Fem klubbar stilte opp, og alle kampane skulle arrangerast same dag, søndag 27. september. I dei første kampane vart det siger 1-0 til Grane og Odd mot høvesvis Lyn og Porsgrund. Dermed gjenstod tre klubbar, Akademisk, Grane og Odd, og det kom til usemje om det vidare forløpet for turneringa. Det vart etter kvart avgjort at Grane og Odd skulle møte kvarandre og at vinnaren skulle møte Akademisk dagen etter. Akademisk Fodboldklub fekk dermed walk over heilt til finalen, men det vart ingen avgjerande kamp den påfølgjande måndagen. Fleire av Odd-spelarane hadde ikkje høve til å bli i Kristiania lenger enn til søndag kveld og reiste tilbake til Skien.

Det vart planlagt ein kamp i Skien mellom Akademisk og Odd, men denne vart aldri noko av då Akademisk ikkje hadde råd til å reise.[4] Kampen mellom Grane og Odd vart i ettertid oppgradert til finale.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cup final in Kristiania». www.rsssf.com. Henta 30. april 2013. 
  2. 1903 season frå iffhs.de
  3. «Stort Fodboldstevne afholdes paa Frogner Idrætsplads». Aftenposten: 2. 20. september.  Sjekk datoverdiar i |dato=, |year= / |date= mismatch (hjelp)
  4. 4,0 4,1 4,2 Asbjørn Halvorsen, red. (1947). Norges Fotballeksikon. Oslo: Prent forlag. s. 17, 20. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Andersen, Espen (2007). Det store gjennombruddet. Norsk fotballs kulturhistorie 1885-1925. Oslo. s. 204-207. ISBN 9788250204102.