Noregsmeisterskapen i fotball for menn 2009/Finalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn 2009 fann stad på Ullevaal stadion i Oslo søndag 8. november 2009 framfor 25 109 tilskodarar. Etter 120 minuttars spel stod det uavgjort 2-2 mellom finalistane Molde Fotballklubb og Aalesunds Fotballklubb. Kampen vart då avgjort med straffeskyting, ei tevling Aalesund vann med 5 mot 4 til Molde. Det var fyrste gongen to lag frå Møre og Romsdal møttest i ein NM-finale i fotball.

Mame Biram Diouf gav Molde leiinga i det 27. minutt. Etter pausen utlikna Glenn Roberts til 1-1 i det 54. minutt, før lagkameraten Fredrik Carlsen fekk sitt andre gule kort og vart utvist då kampen var ein time gammal. Fleire mål kom ikkje i ordinær tid. Mame Biram Diouf sende Molde i føringa att i det 96. minutt, medan innbytar Tor Hogne Aarøy i det 114. minutt syrgde for 2-2 og balanse i målprotokollen. Den avsluttande straffeskytinga opna med at AaFK-målvakta Anders Lindegaard redde straffa til Moldes José Mota, deretter fann alle straffeskota vegen til nettet. For Aalesund skåra Khari Stephenson, Johan Arneng, Pablo Herrera, Demar Phillips og matchvinnar Amund Skiri. Molde sine målskårarar i straffeskytinga var Makhtar Thioune, Vegard Forren, Christian Steen og Pape Paté Diouf. I fylgje Sunnmørsposten var Trond Fredriksen AaFK sin beste spelar, «enormt god defensivt».

Vinnarlaget Aalesund stilte med Anders Lindegaard, Ville Jalasto, Jonatan Tollås, Amund Skiri, Jonathan Parr, Johan Arneng, Trond Fredriksen, Fredrik Carlsen, Khari Stephenson, Diego Silva og Glenn Roberts. Pablo Herrera tok så plassen til Roberts i det 60. minutt, medan Tor Hogne Aarøy og Demar Phillips entra bana mot slutten av fyrste ekstraomgang, ut gjekk høvesvis Silva og Fredriksen. Kjetil Rekdal var trenar for Aafk.

Molde mønstra fylgjande mannskap: Knut Lillebakkk, Kristoffer Paulsen Vatshaug, Christian Steen, Vegard Forren, Øyvind Gjerde, Daniel Berg Hestad, Makhtar Thioune, Magne Hoseth, Mattias Moström, Mame Biram Diouf og Pape Paté Diouf. Innbytarane Marcus Andreasson, Thomas Holm og José Mota tok over for høvesvis Gjerde i det 37. minutt, for Moström i det 62. minutt og for Hoseth i ekstraomgangane.

Kristoffer Helgerud frå Lier Idrettslag dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]