Norge i rødt, hvitt og blått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Norge i rødt, hvitt og blått» er ein kjend norsk patriotisk song. Han er mykje brukt på den norske grunnlovsdagen 17. mai. Songen blei skriven i 1941, under den tyske okkupasjonen av Noreg. Teksten var av Finn Bø, Bias Bernhoft og Arild Feldborg. Melodien er komponert av Lars-Erik Larsson, opphavleg som «Obligationsmarschen» med tekst av Alf Henrikson, som eit bestillingsverk for den svenske staten.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Finn Bø gav ut teksten i boka Jeg tar mig den frihet frå 1946. Der opplyste han at teksten blei skriven i 1942.[1]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Sangtittel Albumtittel Artist Platetype Platemerke og katalognummer
1945 «Norge i rødt, hvitt og blått» Sverre Berghs ensemble, refr.: Harald Larsen 78-plate Odeon D-6826
1945 «Norge i rødt, hvitt og blått»[2] Arne Sveen med kor og orkester 78-plate Columbia GN 938
1963 «Norge i rødt, hvitt og blått» Jens Book-Jenssen med Carsten Kloumans orkester og kor single His Master's Voice 45-AL 6119
2005 «Norge i rødt, hvitt og blått» Til Dovre faller Glittertind MCD KARMA087

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Bø, Finn; Klouman, Toralf; Mauritz-Hansen, Ivar (1946). Jeg tar mig den frihet. Jacob Dybwad. s. 152–155. 
  2. Plateetiketten