Hopp til innhald

Norges Bygdekvinnelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Bygdekvinnelag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer940590310
Skipa15. november 1946
HovudkontorOslo
Omsetjing15 143 391 norsk krone Sjå dette på Wikidata
Medlemmer10 153
Nettstadhttps://bygdekvinnelaget.no Sjå dette på Wikidata

Norges Bygdekvinnelag er ein organisasjon som arbeider for å styrke kvinnene sine interesser og for interessene for lokalsamfunnet. Organisasjonen vart oppretta som Norges Bondekvinnelag i 1946 ved at han vart skilt ut frå Norges Bondelag. Han samla den gongen fylkesvise bondekvinnelag i ein nasjonal organisasjon. Organisasjonen endra namn til det noverande namnet i 2002.[1] Laget har 11 000 medlemmer fordelte på 18 distriktsslag og over 430 lokallag.[1]

Norges Bygdekvinnelag er spesielt opptatt av kvinner som har tilknyting til primærnæringane.[2] Det er òg del av ei internasjonal rørsle gjennom medlemskap i Associated Country Women of the World.

Organisasjonen er opptatt av berekraftig forvalting av naturressursane og bidrar i til det gjennom medlemskap i Grønn Hverdag.

  1. 1,0 1,1 «Bygdekvinnelaget - møteplass for aktive kvinner | Bygdekvinnelaget», www.bygdekvinnelaget.no, henta 10. mars 2024 
  2. «Norges Bygdekvinnelag». Store norske leksikon (på norsk). 3. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]