Norges Håndballforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norges Håndballforbund (NHF) er ei idrettsforeining for handball i Noreg. Det vart skipa den 2. mai 1937 og er medlem av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, Det europeiske handballforbundet og Det internasjonale handballforbundet.

I 2011 hadde NHF over 100 000 spelarar fordelt på om lag 7 500 spelande lag og 714 klubbar i heile landet. Om lag 2/3 av spelarane er jenter og 2/3 er under 17 år. Underlagt NHF er også det norske kvinnelandslaget i handball, det norske herrelandslaget i handball, juniorlandslaga for kvinner og menn, ungdomslandslaga for kvinner og menn samt jentelandslaget og gutelandslaget. I tillegg finst det herre- og kvinnelandslag i strandhandball for senior og junior.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]