Norges Ishockeydommerklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norges Ishockeydommerklubb (NIHDK) er ein interesseorganisasjon for dommarar i ishockey i Noreg.

NIHDK har som hovudføremål å ta vare på rettane til Norges Ishockeyforbund sine breiddedommarar, og har medlemmar som utfører dommargjerninga i dei landsdekkjande juniorseriane og i 1. og 2. divisjon for seniorar.

Norges Ishockeydommerklubb vart stifta 4. august 1982 og var då ein organisasjon for alle ishockeydommarar under Norges Ishockeyforbund, men ved det 25. årsmøtet i NIHDK i 2007, vart Norsk Ishockeys Toppdommerforening skild ut som ein eigen organisasjon som berre tener dei dommarane som til ei kvar tid dømmer i GET-ligaen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]