Norges Rederiforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′39″N 10°44′13″E / 59.91083°N 10.73694°E / 59.91083; 10.73694

Norges Rederiforbund
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971436190
Skipa1909
HovudkontorOslo
Nettstadhttps://rederi.no Sjå dette på Wikidata

 

Lokala til Norges Rederiforbund i Oslo.
Inngangspartiet til Norges Rederiforbund i Oslo, med bronsedører og relieff av Asbjørg Borgfeldt.[1]

Norges Rederiforbund er ein arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon for norske reiarlag og offshoreselskap. Forbundet har kring 140 medlemmar (2018). Organisasjonen held til i det prisbelønte bygget Redernes hus i Rådhusgata 25 i Oslo. Harald Solberg er administrerande direktør og Lasse Kristoffersen er president (2018-2020). 

Historie[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen vart stifta 15. september 1909 i Kristiania, under namnet Norges Rederforbund, og skiftet til sit noverande namn i 1984.[2] Den første presidenten i forbundet var Christian Michelsen. Organisasjonen spelte ei viktig rolle i forhandling av fraktavtaler med Storbritannia under første verdskrigen og andre verdskrigen og fleire av medlemmane til forbundet var drivande i organiseringa av Nortraship.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste arbeidsområda til forbundet er nasjonal og internasjonal næringspolitikk, arbeidsgjevarspørsmål, kompetanse og rekruttering, miljø og innovasjon og dessutan tryggleik til sjøs. Reiarforbundet si verksemd skjer i nær kontakt med næringa. Organisasjonen vert leia av medlemsvalde styre og råd og ein viktig del av verksemda skjer gjennom grupper og utval.

Medlemsføretaka er representert i fem grupper: Deep Sea, Short Sea, Gruppe for undervassentreprenørar (GUE), Gruppe for offshoreentreprenører (GOE) og Gruppe for offshore service selskap (GOS). Rederiforbundet har tette band til Den Norske Krigsforsikring for Skib, som held til i same kontorbygning og som har vore ei viktig økonomisk støtte gjennom mange tiår.

Noreg er den femte største skipsfartsnasjonen i verda i 2018 målt i flåteverdi. Den norskkontrollerte utanriksflåten tel 1788 skip per 1. juli 2018. Av desse er 615 registrert i NIS, 184 i NOR, medan 989 skip seglar under utanlandsk flagg. Norske reiarar i utanriksfart hadde ein samla omsetnad i 2017 på 213 milliardar kroner, ein nedgang frå 224 milliardar kroner året før.

Den maritime næringa i Noreg er ei global kompetansenæring med ein sterk posisjon i marknader over heile verda. Noregs leiande posisjon i næringa er skapt gjennom kontinuerleg innovasjon og fornying.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Den ambisiøse miljøvisjonen til Rederiforbundet er at norsk skipsfart og offshore entreprenørverksemd ikkje skal ha miljøskadelige utslepp til sjø eller luft. Ei av målsetjingane til forbundet er at klimagassutsleppa til skipsfarten skal regulerast gjennom eit internasjonalt regelverk, høvesvis administrert av IMO.

Arbeidsgjevarorganisasjon[endre | endre wikiteksten]

Som arbeidsgjevarorganisasjon er Norges Rederiforbund ansvarleg for lønsforhandlingar og etablering av tariffavtaler for norske og utanlandske sjøfolk på skip i NIS og NOR, og for offshorevirksomheten. Forbundet ivaretar arbeidsgjevarforholda til medlemmane òg gjennom kontakt og påverknad av norske og utanlandske styresmakter, og deltek i internasjonale organisasjonar som EU, ILO og IMO.

Internasjonalt samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Den norske maritime næringa er global, med sterke posisjonar i marknader verda rundt. Noreg er enno ei av dei største skipsfartsnasjonane i verda, og ein av svært få med eit komplett maritimt miljø. Maritim næring er Noregs nest største eksportnæring og hadde ei samla verdiskaping i 2017 på nærare 140 milliardar kroner og 90 000 personar sysselsett i Noreg.

Forutan å samarbeida med dei norske maritime skulane, frå vidaregåande til høgare nivå, drivast det òg fleire aktivitetar internasjonalt for å sikra tilgjenge og kvalitet på utanlandske mannskap og offiserar som tenestegjer på norskkontrollerte skip. Alle potensielle rekrutteringsland vert vurdert, og dei viktigaste landa i dag er Filippinene, Kina og Russland. Her har Norges Rederiforbund aktivitetar av ulik grad.

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruun, Ole Daniel (1933-2014) (1999). Arkitektur i Oslo: en veiviser til byens bygningsmiljø. Oslo: Kunnskapsforl. s. 171. ISBN 8257309486. 
  2. Historie En reise i Rederiforbundets historie Arkivert 2013-06-01 ved Wayback Machine., Norges Rederiforbund, besøkt 2010-10-09, «ut innbydelse til sine kolleger om å etablere Norges Rederforbund. Etter at det var sikret tilslutning fra halvparten av landets tonnasje, ble det innkalt til konstituerende møte 15. september 1909 på Kristiania Internasjonale Sjømandshjem – som forunderlig nok lå i Rådhusgaten 25.[…] Den formelle sammenslutning fant sted ved inngangen til 1984 under navnet Norges Rederiforbund. Samtidig ble arbeidsgiveravdelingene slått sammen til Arbeidsgiverforeningen for Skip og Offshorefartøyer (ASO).»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]