Norges Sjakkforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges Sjakkforbund (NSF) er landssamanslutninga for sjakkspelarar og sjakklubbar i Noreg. Forbundet er medlem i Nordisk Sjakkforbund og Verdssjakkforbundet FIDE.

Norges Sjakkforbund vart stifta som Norsk Schakforbund, den 20. juli 1914 av sju klubber. På 30-talet hadde Arbeidernes Idrettsforbund eit eige sjakkutval, som etter kvart vart større enn Norsk Sjakkforbund. Under 2. verdskrigen låg den organiserte sjakken nede, og i 1946 vart dei to organisasjonane einige om å slå seg saman. Samtidig vart namnet endra til det noverande Norges Sjakkforbund.

Ungdommens Sjakkforbund organiserer sjakkspelarar som er under 25 år i nært samarbeid med Norges Sjakkforbund.

Norges Sjakkforbund gir ut medlemsbladet Norsk Sjakkblad.

Organisatorisk[endre | endre wikiteksten]

Forbundet sitt høgeste organ er kongressen. Kongressen blir arrangert kvar sommar i samband med Noregsmeisterskapen i sjakk (Landsturneringa).

Kongressen vel eit sentralstyre, som styrer Norges Sjakkforbund mellom kongressane. Sentralstyret blir leia av presidenten i Norges Sjakkforbund. I tillegg vel kongressen ei rekkje utval: Turneringsutvalet, Eliteutvalet, Reglementsutvalet, Elo-komiteen, Seniorutvalet mv.

Norges Sjakkforbund har dei siste åra hatt om lag 2500 medlemmar i om lag 110 sjakklubbar.

Sjakkontoret[endre | endre wikiteksten]

Forbundskontoret har adresse Sandakerveien 24D i Oslo (Myhrens verksted). Norges Sjakkforbund har fram til mai 2011 hatt felles generalsekretær med Ungdommens Sjakkforbund [1]. Generalsekretæren har ansvaret for den daglege drifta av kontoret.

Kontoret arbeider mellom anna med:

  • Medlemsregistrering
  • Administrasjon av turneringsverksemda
  • Service til klubber, kretsar og medlemar.

Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
  • Norsk Sjakkblad

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Sjakkblad nr. 3-2011 s. 12-13