Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund (NSU) blei stifta som ein landsdekkjande organisasjon 20. juni 1903 på initiativ av Jacob Laurentius Vidnes. Allereie 28. januar 1900 blei Kristiania Socialdemokratiske Ungdomslag (Kristianialaget) stifta.

I dei første åra var NSU, og spesielt Kristianialaget, prega av den såkalla ungsosialismen, ei anarkosyndikalistisk retning.

I 1909 braut dei anarkosyndikalistisk orienterte ungsosialistane ut og danna Norges Ungsocialistiske Forbund etter at dei partitru ungdomane først hadde brote ut og grunnlagt Arbeiderpartiets Ungdomsforbund. Sistnemnde gjekk kort tid etter NUF braut ut inn i NSU igjen.

I partistridane rundt og etter første verdskrigen stod NSU på venstreposisjonar, og frå våren 1921 heitte forbundet Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU). Samtidig grunnla Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, som året før hadde brote med Arbeiderpartiet, eit ungdomsforbund som tok namnet Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, før dei i 1926 skifta namn til Norges Sosialistiske Ungdomsforbund.

Da Norges Kommunistiske Parti i sin tur braut med DNA i 1923 følgde NKU med utbrytarane. Organisatorisk er det såleis NKP sin ungdomsorganisasjon som er etterfølgjaren til det opphavlege NSU.

I 1924 danna DNA Venstrekommunistisk Ungdomsfylking, som i 1927, etter at forbundet blei slått saman med det nye NSU, fekk namnet Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipediaen.