Norges Televisjon AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Televisjon AS
Org.formAksjeselskap
Org.nr.984358059
BransjeKringkasting, Digitalt bakkenett
Skipa19. desember 2001
EigarNorsk rikskringkasting
HovudkontorBærum kommune
LandNoreg
StyreleiarKristenn Einarsson
Nettstadhttp://ntv.no/

Norges televisjon AS (NTV) er eit fellesføretak, skipa av NRK, TV2 og Telenor for å byggja ut eit digitalt bakkenett for kringkasting av digitalt fjernsyn i Noreg. Det er meininga at det digitale nettet etter kvart skal erstatta det noverande analoge fjernsynsnettet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I juni 1999 la Kulturdepartementet fram ei stortingsmelding om digitalt fjernsyn. I juni 2002 lyste departementet ut ein konsesjon for utbygging og drift av digitalt bakkenett. I 2004 handsama Stortinget saka og vedtok utbygging av eit digitalt bakkenett, samstundes som det vart gjordt vedtak om å stogga dei analoge fjernsynssendingane ein gong mellom 2007 og 2010. I 2005 gorde samferdselsministeren det kjent at konsesjonen skulle utlysast på nytt. Hausten 2005 skipa NRK, TV2 og Telenor fellesføretaket Norges Televisjon AS (NTV), som så søkte om konsesjon. Den 2. juni 2006 fekk NTV, som var den einaste søkaren, konsesjon på å utbygging og drift av det digitale bakkenettet. Eit dotterselskap til Telenor, Norkring, har fått oppdraget med å stå for utbygginga av det digitale bakkenettet for fjernsyn. NTV vil så leia nettet frå Norkring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]