Norges Turmarsjforbund
| Norges Turmarsjforbund | |||
| Org.nr. | 970159002 | ||
|---|---|---|---|
| Hovudkontor | Lørenskog | ||
| Land | Noreg | ||
Norges Turmarsjforbund (NTF, tidlegare Norges Folkesportforbund) er eit forbund som har som formål å fremme folkesport i Noreg.[1]
Med folkesport meiner ein sportsarrangement som er opne for alle, av typen turmarsj, vandring, sykkeltur, skiløp og svømming. Arrangementa skal vere utan konkurransemoment, tidtaking og vinnarar. I løpet av året blir det arrangert nesten 3000 ulike arrangement av desse typane.
Forbundet vart skipa 25. januar 1975 under namnet Norges Turmarsjforbund for så å skifte namn til Norges Folkesportforbund. I 2009 tok ein attende det opphavlege namnet.
NTF er medlem av den overordna, internasjonale organisasjonen Internationaler Volkssportverband (IVV). IVV koordinerer samarbeidet mellom dei ulike nasjonale folkesportsforbunda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Norges Turmarsjforbund - Folkesport siden 1968», Folkesport (på norsk bokmål), henta 13. januar 2025