Norges kristelige studentforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges kristelige studentforbund, ofte kalla berre Forbundet, er ein landsomfattande kristen studentorganisasjon som har sitt opphav i Noreg. Teologisk er Forbundet knytt til frigjeringsteologi, feministteologi og andre såkalla progressive teologiske retningar, og organisasjonen blir ofte sett som eit motstykke til det meir konservative Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag ein organisasjon som sprang ut av Forbundet etter ein strid i 1924. Danninga av Forbundet skjedde i 1899 under navnet Norske Studenters Kristelige Forbund då organisasjonen var eit resultat av ei samanslåing av fem studentorganisasjonar. Første formann var teologiprofessor Simon Michelet som satt til 1903, da han blei redaktør for tidsskriftet deira Excelsior fram til 1917.

Forbundet er medlem av den internasjonale kristne studentrørsla World Student Christian Federation (WSCF).

Forbundet gjev ut bladet Akt. Sara Moss er leiar og Torkil Hvidsten er generalsekretær. Det er lokalt studentarbeid i Oslo, Trondheim og Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]