Norges Samemisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norges samemisjon)
Gå til: navigering, søk

Norges Samemisjon er ein organisasjon for kristen misjonsverksemd mellom samar, ofte kalla Samemisjonen. Samemisjonen vart skipa i 28. februar 1888. Dei som grunnla misjonen blant samane, meinte det var viktig å ta omsyn til samisk språk og kultur. Samemisjonen har i dag hovudsete i Trondheim og driv forkynning, sosialt arbeid og skoleverksemd i den samiske befolkninga i Noreg og Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etableringa[endre | endre wikiteksten]

Misjonsarbeidet blant samane vart på 1700-talet drive gjennom Misjonskollegiet, eit arbeid igangsett på kongeleg initativ, og finansiert med tvungen kontingent frå alle kyrkjer sør i Noreg.

På 1880-talet dreiv norske styresmakter ein hardhendt fornorskingspolitikk, og dei samiskspråklege kristendomsbøkene som Stockfleth hadde skrive, var ikkje lenger i bruk i skolen. Tromsøbiskopen J.N. Skaar sende då ut eit opprop for etablering av «Norsk Finne-Mission». Biskopens viktigaste grunnar for å opprette finnemsisjonen var følgjande:

  1. Å motarbeide ein hardhendt og urettferdig fornorsking
  2. Å forkynne kristendom for samar som budde uvegsamt til
  3. Å skape ei motvekt til læstadianismen
  4. Å omsette Bibelen og andre kristelege skrift på samisk.

Arbeidet i samemisjonen vart den første tida leia av biskop Skaar saman med J. K. Qvigstad og N. Ursin. 31. desember 1892 hadde misjonen sitt første styremøte og vedtok lover for organisasjonen, med formål å sende ut samisktalande predikantar og å omsetje Bibelen og andre småskrift til samisk. Formålet skulle stå uendra «saalænge der inden Tromsø Bispedømme ere Finner, som ikke forstaar det norske Sprog».

Arbeid i dag[endre | endre wikiteksten]

Samemisjonen har vore med å bygd 6 fjellkyrkjer i Finnmark, 4 leirstader og fleire bedehus i den nordlege landsdelen. Organisasjonen driv Øytun folkehøgskole i samarbeid med andre organisasjonar. Samisjonen driv ein to-språkleg nærradio i Finnmark, og har hatt arbeid med samane på Kolahalvøya sidan 1995. Samemisjonen har om lag 300 foreiningar, organisert i 7 krinsar og ei fellesforeining. I alt har organisasjonen om lag 40 tilsette, av desse er det vel 10 forkynnarar. Bladet Samenes Venn vert utgjeve av Samemisjonen, med eit opplag på 3 000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]