Norgeshistorie.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norgeshistorie.no er ein norsk nettstad oppretta av Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo. Nettstaden tek for seg norsk historie frå steinalderen til i dag. Artiklane er delt inn i 19 tidsepokar, som igjen er tematisk inndelt.

Artiklane er skrivne av norske historikarar og arkeologar, dei fleste tilsette ved UiO, men fagfolk utanfrå har òg skrive fleire artiklar. Fleire bidrag kjem òg frå arkeologar tilsett ved Kulturhistorisk museum. Norgeshistorie.no er ikkje eit leksikon, men eit samleverk om norsk historie på nett.[1]

Norgeshistorie.no er finansiert av UiO og Fritt Ord.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norgeshistorie.no, Øystein Lydik Idsø Viken, «Norgeshistorie.no: god kunnskap i ny kanal». Henta 9. mar. 2017.
  2. Norgeshistorie.no, «Om Norgeshistorie.no». Henta 16. mar. 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]