Norgestaxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norgestaxi er eit norsk drosjeselskap med avdelingar i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kongsberg og Drammen. Selskapet har hovudkontor i Oslo. Admistrerande direktør i selskapet er Jørn Are Granerud. Norgestaxi er eigd av svenske Taxikurir.

Bilane til selskapet er hovudsakleg mørk blå eller svarte, med kvite logoar. Same fargar og logoar kan ein kjenne att i svenske Taxikurir og danske Dantaxi. Alle avdelingane av Norgestaxi har det same landsdekkande telefonnummeret; 08000.

I 2009 kjøpte Norgestaxi opp Kongsberg Taxi, og fekk dermed stasjonerte bilar i Kongsberg og Drammen i tillegg til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Norgestaxi no òg eit callsenter på Kongsberg som hovudsakleg betener avdeling Buskerud og Geilo Taxi, men i større og større grad også Oslo.

Norgestaxi bruker hovudsakleg Frogne Taxametersystemer, men på nokre stader også TDS taxameter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]