Norgez Bank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norgez Bank var eit pønkband frå Tromsø. Dei har fått æra for å ha gitt ut den fyrste pønkplata i Nord-Noreg, Life of Rian frå 1980. Gruppa vart starta i 1978 og held det gåande til 1982.

Mannskapet på den fyrste EP-en var Erik Smith-Meyer (vokal), Alf «Alfen» Krogseth (bass), Niels Høegh (gitar) og Tor Harald Jensen (trommer). Gruppa var med på NRK-fjernsynsprogram Zikk Zakk i 1981 med Nordens Paris frå Life of Rian. I 1981 gav dei ut ei 12-tommars EP-plate kalla Energi mot apati som mellom anna inneheld sporet «Tromsø brenn», ein versjon av The Clash-låten «London Burning».

Knut Nilsen overtok som trommeslagar og Tore Nergård kom inn som keyboardist på dei seinare utgjevingane til gruppa.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Life of Rian (7" EP, Sånn'ja 1980. Dei fleste kom med cover på rosa papir, men 50 eksemplar hadde kvitt papir.)
  • Energi mot Apati (12" EP, 1981)
  • Tre spor på kassetten Bankhjørnet
  • Norgez Bank / Hjertesvikt a/s (Splittsingel med to tidlegare uutgjevne Norgez Bank-låtar og tre kutt med Hjertesvikt a/s)
  • Norgez Bank i studio 1980-1982 (CD-R-utgjeving i avgrensa opplag, 1998)
  • Live 16 mai (CD-R-utgjeving i avgrensa opplag, 2000)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Norgez Bank» henta frå [http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside Wikipedia på bokmål 9. oktober 2006.