Norled AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferja som opphavleg heitte «Tidekongen» og vart bygd for Tide Sjø AS for å gå i sambandet mellom Oslo og NesoddtangenNesodden, fekk namnet «Kongen» etter at Norled AS overtok ferjeflåten, og såleis òg drifta av dette sambandet.

Norled AS er eit reiarlag som driv ferje- og snøggbåtsamband fleire stader i Noreg, frå Oslofjorden i sør til Troms i nord. Reiarlaget er eit av dei største av sitt slag i landet, med åtti fartøy i drift og meir enn tusen tilsette, og er eit heileigd dotterselskap av Det Stavangerske Dampskibsselskap AS. Hovudkontoret for Norled AS ligg i Stavanger, og elles har selskapet kontor i Bergen, Ålesund og Oslo.

Norled As er eit framhald av selskapet Tide Sjø AS, som vart skipa etter at ekstraordinære styremøte 2. mai 2007 i Tide ASA og Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) AS hadde gjort vedtak om hovudprinsippa for å slå saman kvar sine dotterselskap, Stavangerske AS og Tide Sjø AS, til selskapet Tide Sjø. Denne fusjonen vart gjennomført 3. oktober 2007. Norled AS vart skipa ved å skilja ut Tide Sjø av Tide ASA i 2011. Ferjene, som hadde fått namn der samansetningar med «Tide» inngjekk i namnet, fekk etter dette nye namn der «Tide» var fjerna.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]