Klimanormal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Normal (meteorologi))

Normalen er innan meteorologi ein gjennomsnittsverdi over ein internasjonalt fastsett periode på 30 år. Det er Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) som fastset perioden.

Den første normalperioden var frå 1901 til 1930, den neste frå 1931 til 1960 og deretter 1961 til 1990. Frå 1. januar 2021 tok ein i bruk perioden frå 1991 til 2020 som normalperiode.[1] I ein del samanhengar nyttar ein andre periodar for samanlikning, f.eks frå 1971 til 2000. Dette kallar ein i blant normalar, men bør meir korrekt omtalast som langtidsmiddel.

Tretti år er fastsett som eit kompromiss. På den eine sida treng ein ein lang periode som jamnar ut dei naturlege svingingane i vêret. På den andre sida er det mange stader vanskeleg å oppretthalde målingar over ein svært lang periode på same stad og under nokolunde like tilhøve (homogenitet).

Dersom ein har homogene målingar ein stad i heile normalperioden, kan ein enkelt regne ut normalverdien for dei fleste vêrelementa. Om ein har mangelfulle målingar, kan normalen interpolerast utifrå målingar på nærliggande stader og kunnskapar ein har om klimaet. I den seinare tida har datateknologien gjort slike interpoleringar mykje enklare, ettersom ein utifrå dei måleverdiane ein faktisk har kan laga finmaska nett (grid), som dekker mellomliggande område.

Meteorologisk institutt har på nettstaden sin liggande normal månadsmiddeltemperatur og normal månadsnedbør for minst ein stad i kvar kommune.[2] WMO driftar nettstaden World Weather[3] med opplysningar frå sentrale stader i svært mange av medlemslanda til organisasjonen.

Normalomgrepet er gjort udøyeleg i Noreg gjennom revykomikaren Leif Juster sin monolog «Mot normalt» frå 1954, skriven av Fridtjof Granli.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskerne må definere hva som er normalt vær på nytt (18. januar 2020). NRK. Besøkt 16. juni 2021.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. januar 2008, henta 1. april 2010 
  3. http://www.worldweather.org/