Normalnull 1954

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Normalnull 1954 (NN1954) er det vertikale datumet for det nasjonale høgdesystemet av 1954 i Noreg. Nullpunktet er gjennomsnittshøgda av sjøoverflata over ein periode på 19 år.

På N50-kartserien (nye kart i målestokk 1:50 000) er kystkonturen trekt langs middelvasstanden, som fell saman med nullhøgdekurva, som er definert ut frå normalnull 1954.

Utgangspunktet for NN1954 er eit messingfastmerke som står inne i ei søyle av labradoritt på halvøya Bjørholmen om lag 6 km aust-søraust for Mandal, om lag 500 m sør for Tregde sentrum. Labradorittsøylen står på fast fjell ved høgste punkt på halvøya, og om lag 80 m nord for ein vass-standsmålar. Fastmerket står 11,205 meter over middelvasstanden i Tregde, som null-nivå ved utrekning av høgder på nasjonale landkartseriar i Noreg.

Tregde er valt ut som stad for nullpunktet, mellom anna fordi landhevinga er ubetydeleg her.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]