Normalrute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Normalrute er den mest brukte opp- og nedstigingsruta for ein fjelltopp.

Til vanleg er dette enkle og lette ruter, men ikkje nødvendigvis den aller enklaste. Teknisk enklare ruter kan ha ulemper som at dei kan vere meir strevsame å gå, er mindre tilgjengelege (td. meir komplisert anmarsj) eller utset klatraren for høgare objektive risikomoment (steinsprang, snøskred ol.) slik at ei anna rute blir mest brukt og dermed får nemninga «normalrute».