Norra Bro

Koordinatar: 59°13′37.499″N 15°15′4.5180″E / 59.22708306°N 15.251255000°E / 59.22708306; 15.251255000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°13′37.499″N 15°15′4.5180″E / 59.22708306°N 15.251255000°E / 59.22708306; 15.251255000 Norra Bro er ein svensk tettstad i Örebro kommun i Örebro län i landskapet Närke. I 2005 hadde tettstaden 531 innbyggjarar.

Norra Bro grensar til Brickebacken og Gryts industriområde. Området er knytt til det sentrale Örebro via Gällerstadvägen.

Området består delvis av eit større rekkehusområde frå 1970-talet med omkringliggande einebustader frå same tid, og dels av einebustader bygd på slutten av 1990- og byrjinga av 2000-talet.

Mellom 1980 og 2005 auka folketalet med 24 prosent. Det er mange arbeidsplassar i området. Det kommunale tenestetilbodet er felles med Brickebacken, t.d. helsestasjon og skule. Like i nærleiken av Norra Bro har Atlas Copco eit anlegg.

I eldre tider låg bygda Norra Bro ca. 2 km lengre sør, men i samband med skiftet av jordbrukseigedomear på 1800-talet, blei gardane delt opp, og bustadhusa flytta. Då det noverande villaområdet blei bygd, blei det gamle namnet Norra Bro teken i bruk igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]