Norra Lagnö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°21′13.453″N 18°24′37.840″E

Lagnö brygga

Norra Lagnö er ein svensk tettstad i Värmdö kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 317 innbyggjarar.

Norra Lagnö er ikkje ei øy, men ei halvøy som heng saman med Värmdö og ligg omtrent to kilometer nord for Gustavsberg. Den første eigedomen på staden heiter Lagnö gard, som er frå 1850-talet og som ligg sentralt i området.

Fra Norra Lagnö ferjeleie kan ein reise vidare med bilferje til Tynningö eller med båt vidare til resten av den store skjergarden. På Norra Lagnö finst det skule og barnehage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]