Norrbyskär

Koordinatar: 63°33′23″N 19°52′30″E / 63.55636°N 19.87493°E / 63.55636; 19.87493
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°33′23″N 19°52′30″E / 63.55636°N 19.87493°E / 63.55636; 19.87493

Tidlegare arbeidarhus i Norrbyskär

Norrbyskär er ei lita øygruppe utanfor Umeå i Sverige. Frå 1895 til 1952 låg det eit dampdriven sagverk her, som ein gong var det største av sitt slag i Europa, eigd av Mo och Domsjö. Det var Frans Kempe som bygde verket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Kempe kjøpte dei 72 øyane og holmane i 1890, var dei folketomme. Dei tidlegare eigarane, bønder frå Norrbyn, rekna øyane som unyttige. Kempe planla ikkje berre sagverket, men eit heilt samfunn med skule, kyrkje, vegar og hus.

Då sagverket opna i 1895 handplukka han dei beste arbeidarane frå andre sagverk. Kempe gav dei og familiane deira høg levestandard og høg løn, slik at dei vart avhengige av arbeidsgjevaren sin, heldt seg unna fagforeiningar og ikkje flytta frå øyane, ein strategi som berre fungerte fram til 1919.

I 10 år etter at sagverket vart lagt ned i 1952, hadde selskapet framleis tilsett folk for å rive sagverket og ta vare på verdifulle delar av verket. I 1960-åra flytta dei siste innbyggjarane frå øyane, og dei gamle arbeidarhusa vart selde som sommarhus.

Norrbyskär i dag[endre | endre wikiteksten]

Fleire hus på ei av øyane har sidan 1953 vorte nytta av KFUM, som driv ein sommarleir for born her.

Den tidlegare heimen til direktøren vert i dag drive som hotell og restaurant.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]