Norrfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°46′10″ N 18°59′35″ E Norrfors er ein liten tettstad i Nordmalings kommun i Västerbottens län, Sverige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norrfors er eit jernbanesamfunn som oppstod då Stambanen gjennom øvre Norrland blei bygd på 1890-talet. Norrfors kyrkje blei oppført i 1923.

Under og etter andre verdskrigen blomstra busetnaden. Trekol, framstilt i kolomnar og kollmiler, blei lasta i jernbanevogner for vidare transport. Det var òg ein møbelfabrikk her, seinare kjend som Norrlandsmöbler.

I dag vert det ikkje lenger drive utvinning av trekol her, og møbelfabrikken er nedlagt. Det vert derimot drive noko turisme her, i samband med Lögdeälven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]