Norse Atlantic Airways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norse Atlantic Airways


Org.formAksjeselskap
Org.nr.926493647
BransjeLufttransport
Skipamars 2021
HovudkontorArendal[1]
LandNoreg[2]
NykelpersonarBjørn Kjos[2]
Nettstadhttps://flynorse.com/ (engelsk)

Norse Atlantic Airways (OSE: NORSE) er eit norsk flyselskap. Det vart skipa i februar 2021, og byrja å flyga frå og med juni 2022. Det er eit lågpris, langdistanse flyselskap, som opererer utelukkande med Boeing 787 Dreamliner, der nokre av flya er kjøpte opp av Norwegian sine tidlegare dotterselskap for langdistanse, Norwegian Long Haul.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Grunnlegginga[endre | endre wikiteksten]

Norse Atlantic Airways vart grunnlagt i februar 2021 av Bjørn Tore Larsen, med Bjørn Kise og Bjørn Kjos. Grunnleggarane av Norse Atlantic har tidlegare hatt tilknyting til Norwegian i leiarstillingar og som investorar, med Kjos som tidlegare var administrerande direktør i Norwegian, Kise som var styreformann i Norwegian, og Larsen som var styreleiar i OSM Aviation, eit selskap som var ansvarleg for å skaffa tilsette til Norwegian Air Shuttle før restruktureringa deira.

Igangsetjinga[endre | endre wikiteksten]

Flyselskapet vart annonsert den 15. mars 2021,[3] ved sida av planane om å byrja å selja billettar hausten 2021 for oppstart av rutefly i desember 2021. Planane til flyselskapet inkluderte òg intensjonar om å operera tolv fly av typen Boeing 787 Dreamliner som tidlegare hadde vore operert av Norwegian Air Shuttle og dei dotterselskapa hermed. Norse etablerte partnarskap andre flyselskap, deriblant Norwegian Air Shuttle og oppstartsflyselskapet Flyr.[4][5][6] Norse Atlantic annonserte London, Oslo og Paris i Europa, saman med Los Angeles, Miami og New York City i USA blant sine planlagde fyrste destinasjonar, og hadde i tillegg uttrykt interesse for seinare å betena destinasjonar i Asia. For å lansera selskapet fullførte aksjonærane knytt til selskapet ein retta emisjon på 1,275 milliardar norske kroner den 26. mars 2021. Tre dagar seinare, den 29. mars 2021, kunngjorde AerCap signeringa av ein leigeavtale med Norse sine fyrste fly: tre Boeing 787-8 og seks Boeing 787-9. Då Norse Atlantic vart notert på Oslo Børs den 12. april 2021, henta selskapet inn over 1,4 milliardar norske kroner i børsintroduksjonen sin (IPO).[7]

I løpet av august 2021 kunngjorde Norse Atlantic Airways at dei hadde sikra seg leasingrettar for ytterlegare seks Boeing 787-9 frå BOC Aviation, og auka den planlagde flåten sin frå tolv til femten fly. Den planlagde lanseringa av operasjonar til Norse Atlantic vart utsett frå desember 2021 til sumaren 2022, med tilvisning til reiserestriksjonar knytt til koronapandemien, og byrjinga på billettsalet var planlagt å vera opent omtrent tre månadar før lansering. Flyselskapet kunngjorde òg at det hadde søkt om eit luftoperatørsertifikat (AOC) i Noreg, og at det planla å søkja om ein ekstra AOC i Storbritannia. Ved enden av månaden hadde flyselskapet framleis ikkje offentleg spesifisert nokre lufthamner det ville betena, men vart seinare rapportert ved slutten av månaden å ha inngått avtalar med London Gatwick lufthamn. I september 2021 skisserte flyselskapet i søknaden sin til United States Department of Transportation (USDOT) om eit utanlandsk flyselskapsløyve drifta av flygingar frå Oslo til Fort Lauderdale, Newburgh og Ontario flyplassar, som betener Miami, New York City og Los Angeles område høvesvis. I november 2021 vart flyselskapet rapportert å ha vorte tildelt tilkome- og avgangstidspunkt på London Stansted lufthamn.

Den 20. desember 2021 kom det fyrste flyet til Norse Atlantic, ein Boeing 787-9, til Oslo i forkant av den planlagde operasjonen våren 2022,[8] og den 29. desember 2021 fekk flyselskapet sitt AOC av Luftfartstilsynet.[9] Den 14. januar 2022 tok flyselskapet imot godkjenninga frå USDOT til å driva rute- og chartertrafikk mellom Europa og USA. Den 15. mars 2022, eit år etter annonseringa til Norse Atlantic, kunngjorde flyselskapet at det planla å byrja billettsalet i april 2022 med lanseringa av operasjonar som skulle henda i løpet av juni 2022, og at det hadde vorte tildelt avgangs- og landingsrettar på London Gatwick lufthamn.[10] Den 11. april 2022 tok flyselskapet imot godkjenninga for det utanlandske flyselskapsløyvet sitt frå USDOT. Flyselskapet opna dinest reservasjonar og kunngjorde det fyrste rutenettverket sitt den 28. april 2022, og at flygingane ville byrja frå og med 14. juni 2022 mellom Oslo og New York JFK,[11] i tillegg til seinare med å operera med tenester til Fort Lauderdale, Orlando og Los Angeles. Spesielt gjekk flyselskapet vekk ifrå intensjonane sine om å operera til Newburgh eller Ontario.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Norse Atlantic Airways har hovudkontoret sitt i Arendal i Noreg, og er heileigd av morselskapet Norse Atlantic ASA. Ved etableringa tidleg i 2021 var flyselskapet 63 % eigd av konsernsjef Bjørn Tore Larsen, 15 % eigd av Bjørn Kjos og 12 % eigd av Bjørn Kise.[3] Etter noteringa til morselskapet på Oslo Børs heldt Bjørn Tore Larsen fram med å vera hovudaksjonæren i selskapet med ein eigardel på 12,4 %, fylgt av institusjonelle investorar som Delphi Nordic (6,7 %), DNB SMB (6,3 %) og Skagen Vekst (5,9 %) innan januar 2022.

Destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Norse Atlantic Airways flyg berre langdistanseflyging, såkalla long-haul. Norse Atlantic har fokusert på ruter mellom Nord-Europa til Nord-Amerika. Selskapet har òg uttrykt interesse for seinare å betena destinasjonar i Asia.

[endre | endre wikiteksten]

Logoen til Norse Atlantic Airways er direkte inspirert av Osebergskipet, med det tilhøyrande livet til flyselskapet og merkevarebygging inspirert av langskipa som vart brukte av vikingane for å kryssa Nord-Atlanteren. Sentralt står soga om Leiv Eiriksson som var den fyrste europearen som oppdaga Nord-Amerika.[12] Flya til Norse er oppkalla etter ulike nasjonalparkar som ligg i land som vert betente av flyselskapet.

Flåte[endre | endre wikiteksten]

Per oktober 2022 opererer Norse Atlantic Airways med fylgjande fly:[13][14]

Norse Atlantic Airways flåte
Fly Service Bestilt Passasjerar Merknad
C Y Total
Boeing 787-8 2 1 32[15] 259[15] 291 To 787-8 er leigde ut av Air Europa[16]
Boeing 787-9 10 1 56[17] 282[17] 338 To 787-9 er leigde ut av Air Europa[18]
35[15] 309[15] 344
Total 13 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://flynorse.com/corporate/about/imprint; vitjingsdato: 15. september 2022; språk på verket: engelsk; redaktør: Norse Atlantic Airways.
  2. 2,0 2,1 «Norse Atlantic ASA – Key Facts» (på engelsk). Henta 20. juni 2021. 
  3. 3,0 3,1 «OSM Aviation-gründer Bjørn Tore Larsen starter nytt flyselskap: Vil fly med Kjos og Kise over Atlanteren», e24.no (på norsk bokmål), 15. mars 2021, henta 27. februar 2023 
  4. NTB (28. juli 2022), «Norwegian og Norse inngår samarbeid», www.abcnyheter.no (på norsk), henta 27. februar 2023 
  5. NTB (28. juli 2022), «Norwegian og Norse inngår samarbeid», www.abcnyheter.no (på norsk), henta 27. februar 2023 
  6. «DN Investor», DN Investor, henta 27. februar 2023 
  7. «Norse Atlantic noteres på Euronext Growth | euronext.com», www.euronext.com, henta 27. februar 2023 
  8. «Her lander Norse Atlantic for første gang i Norge: – Ett skritt nærmere lansering», e24.no (på norsk bokmål), 20. desember 2021, henta 28. februar 2023 
  9. «Norse får driftstillatelse fra Luftfartstilsynet», e24.no (på norsk bokmål), 29. desember 2021, henta 28. februar 2023 
  10. Christensen, Henning (15. mars 2022), «Sikret slots i London – justerer lanseringsplanene», www.finansavisen.no (på norsk), henta 28. februar 2023 
  11. «Første flyging til USA for Norse Atlantic: – Timingen var helt perfekt», e24.no (på norsk bokmål), 14. juni 2022, henta 28. februar 2023 
  12. «Norse Atlantic Airways», flynorse.com, henta 27. februar 2023 
  13. «Norse Atlantic Airways Fleet Details and History». 6. august 2021. Henta 12. august 2021. 
  14. «Norse Atlantic Airways fleet details». Henta 12. desember 2021. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Buyck, Cathy (2. august 2021). «Norse Atlantic Inks Lease Deal With BOC Aviation for Six 787s». The Convention News Company, Inc. Henta 12. august 2021. 
  16. Ahlgren, Linnea (12. april 2022). «Air Europa Will Lease Norse Atlantic Boeing 787s Parked In Oslo» (på engelsk). Henta 26. mai 2022. 
  17. 17,0 17,1 Sena, Gastón (20. desember 2021). «Norse Atlantic, founded by former Norwegian executives, takes delivery of its first Boeing 787-9». Henta 30. desember 2021. 
  18. Ahlgren, Linnea (12. april 2022). «Air Europa Will Lease Norse Atlantic Boeing 787s Parked In Oslo» (på engelsk). Henta 26. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Norse Atlantic Airways