Norsjø Ferieland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsjø Ferieland er ein campingplass/feriesenter på Akkerhaugen i Midt-Telemark kommune, Telemark. Ferielandet blei i 2005 kåra som Noregs beste campingplass av Norsk Caravan Club. Norsjø Ferieland ligg like ved Telemarksvassdraget, og Norsjø Kabelpark er ein del av ferielandet som også har både uterestaurant og butikk på campingplassen. Norsjø Ferieland har også fleire hytter til utleige på campingplassen. For øvrig ligg Norsjø Ferieland 15 km frå Bø Sommarland. Kanalbåten M/S Telemarken legg dagleg til ved Norsjø Ferieland si brygge.

Norsjø Kabelpark[endre | endre wikiteksten]

Eit skitrekk beståande av ein elektromotor, fleire master og ein kraftig kabel som gjer det mogleg å stå på vasski rundt ei bane på 550 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]