Norsk Aarbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk Årbok)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Aarbok kom ut fyrste gongen i åra 1920–39 etter upptak frå Torleiv Hannaas, som styrde årboka fram til han døydde i 1929. Etter han fall burt, styrde Gustav Indrebø og Lars Eskeland i lag 1930-årgangen; sidan stelte Indrebø åleine med årboka. Norsk Aarbok kom med i alt 19 årgangar (ikkje 1937), til og med 1939. Årboka stogga med ufred og hærsetjing.

Boka var eit viktig skrift i målrørsla, og eit samlingsmerke for målfolk som heldt på den klassiske nynorsken, høgnorsken.

I 2005 kom fyrste årgangen av årboka i ei ny rekkje, no Norsk Årbok. Utgjevar er Høgnorskringen. Innehaldslista frå 2005 til i dag ligg ute på netet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]