Norsk økonomisk sone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk økonomiske sone vart oppretta ved lov av 17. desember 1976 og med verknad frå 1. januar 1977. Den vart oppretta i medhald av Havrettstraktaten, og etablerte eit område på 200 nautiske mil frå grunnlinja utanfor kysten av det norske fastlandet. Sona grensar opp mot Danmarks, Tysklands og Storbritannias økonomiske soner, og her er midtlinja delelinje. Med Russland var det lenge ikkje semje om grensa mellom de to sonene, og her vart det oppretta ei gråsone medan forhandlingane pågjekk. Noreg og Russland offentleggjorde den 27.04.2010 at landa var blitt samde om ei delelinje i Barentshavet. Gråsona vil eksistere inntil parlamenta i dei to landa har ratifisert avtalen. Innanfor den økonomiske sona har Noreg eksklusiv rett til utvinning av naturressursar som fisk og petroleum.

Det er inngått fiskeriavtalar som regulerer fisketilgang og kvoter for Russland, EU, Færøyene, Grønland, og Island i Norsk økonomiske sone mellom 12 og 200 nautiske mil frå grunnlinjene.

Fiskevernsoner[endre | endre wikiteksten]

Noreg har og oppretta to andre soner på 200 nautiske mil:

Desse vart oppretta med heimel i den same loven, men har ei litt anna innretning.

Storleiken på dei norske sonene[endre | endre wikiteksten]

Norsk økonomisk sone
Norsk økonomiske sone 819 620km2
Fiskevernsona rundt Svalbard 770 565km2
Fiskerisona rundt Jan Mayen 288 768km2

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]