Norsk Bibliotekforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Bibliotekforening er ei fri og open landssamanslutning som vil fremje utviklinga av bibliotek-, dokumentasjons- og informasjonsverksemd. Foreininga har om lag 3200 medlemmar, av desse er 2100 personlege medlemskap, dei øvrige er bibliotek og andre institusjonar.

NBF blei stifta 25. oktober 1913 i Stavanger, under det 6. norske bibliotekmøte. Foreininga arrangerer landsmøta sine anna kvart år, framleis i tilknyting til dei norske bibliotekmøta. Leiaren for foreininga frå 2014 er Mariann Schjeide.[1]

Norsk Bibliotekforening har 16 lokalavdelingar. Medlemmar høyrer automatisk inn under lokalavdelinga i sin region. Foreininga har også 10 spesialgrupper der ein kan delta i forhold til eigne interesser. Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Bibliotekforum. Foreininga sitt sekretariat ligg på Etterstad i Oslo, i same bygg som Biblioteksentralen. NBF si verksemd omfattar blant anna Tidsskriftformidlingen, eit agentur for tidsskriftabonnement, som har dei fleste norske bibliotek som kundar. Foreininga har tidlegare stått som utgjevar av katalogiseringsreglar og klassifikasjonstabellar for norske bibliotek, oppgåver som Nasjonalbiblioteket har teke over i dag.

NBF har sidan 1988 delt ut prisen «Årets bibliotek». Fleire av NBF sine lokalavdelingar deler også ut fylkesvise utmerkingar.

NBF er medlem av IFLA, International Federation of Library Assosciations and Institutions, og EBLIDA, European Bureau of Library, Information and Documentation Associations. NBF samarbeider med BIBSYS om dei nasjonale bibliotekmøta, og har eit jamnt og regelmessig samarbeid med forfattarorganisasjonane og andre utdannings- og skriftkulturorganisasjonar.

Årets Bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Norsk Bibliotekforening har sidan 1988 delt ut prisen for årets bibliotek. Prisen skal gå til eit bibliotek som i dei seinare år har "anvendt nye ideer eller som har utmerket seg gjennom et godt og effektivt samarbeid med de som bruker/styrer biblioteket". Framtidsretta, utradisjonelle og offensive tiltak innan kunnskapsformidling og kulturoppleving, marknadsføring, brukarvenlegheit og tilgjengelege, god service og god ressursutnytting kan vere kriteria for tildeling av prisen.

Prisen er tildelt:

  • Time bibliotek i 2013
  • Lom folkebibliotek i 2012
  • Helsebiblioteket.no i 2011
  • Buskerud Fylkesbibliotek i 2010
  • Asker bibliotek i 2009
  • Skolebiblioteket på Breivang videregåande skole i Tromsø i 2008
  • Skolebiblioteket ved Stokmarknes barne- og ungdomskole i 2007
  • Ingen tildeling i 2006
  • Læringssenteret ved Høgskolen i Oslo i 2005
  • Østfold fylkesbibliotek i 2004
  • Det flerspråklige bibliotek i 2003
  • Deichmanske bibliotek, filial Holmlia i 2002
  • Ingen tildeling i 2001
  • Juridisk fakultetsbibliotek ved Universitetet i Oslo i 2000
  • Hammerfest folkebibliotek i 1999
  • Melhus bibliotek i 1998
  • NRK-biblioteket i 1997
  • Deichmanske bibliotek Torshov filial i 1996
  • Stavanger bibliotek i 1995
  • Biblioteket ved Lillehammer videregående skole i 1994
  • Hovedbiblioteket ved BI Handelshøyskolen i Oslo 1993
  • Kongsberg bibliotek i 1992
  • Nærøy folkebibliotek i 1991
  • Bokbussen i Vesterålen i 1990
  • Larvik bibliotek i 1988

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ny leder i Norsk Bibliotekforening

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]