Norsk Eternit Fabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Eternit Fabrikk var ein fabrikk for produksjon av eternit. Fabrikken låg på Bjerkås i Asker kommune i Akershus, og var i drift frå 1942 og fram til 1978. Selskapet blei skipa som ei dotterverksemd av Christiania Portland CementfabrikSlemmestad under den andre verdskrigen, men produksjon i full skala starta ikkje før krigen var over. Eternit blir hovudsakleg laga av sement og asbest, og asbest blei først og fremst brote i Canada og Sovjetunionen. Under krigen blei det difor nytta finsk asbest.

Fabrikken var heile tida den einaste eternitfabrikken i Noreg, og eternit blei mykje nytta i 195060-åra. Sjølv om eternit- og sementfabrikken ligg i kvart sitt fylke, skil det berre nokre hundre meter på dei. Eternitfabrikken nytta sement frå sementfabrikken i produksjonen, opp til 300 tonn i døgnet. Denne sementen blei blåst over i tørr form gjennom røyr.

Dei første tilfella av lungesjukdommen asbestose var oppdaga på 60-talet. Etter kvart blei det forbode å nytta asbest, og eternit blei eit spesialavfall. Eternitfabrikken blei lagd ned i 1978. Slemmestad Arbeiderforening reiste sak, og i 1983 blei det inngått eit forlik mellom Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og Norcem som då var eigar. Norcem tok ikkje noko rettsleg ansvar, men tok ansvaret for den medisinske oppfølginga av dei tidlegare tilsette. Dei gav òg økonomisk kompensasjon til dei som blei råka av sjukdom. Så seint som i 1996 dukka det framleis opp nye tilfelle av asbestrelatert kreft (malignt mesotheliom). Ei undersøking frå 2002 viser ein kraftig auke i tilfelle av kreft mellom tidlegare tilsette, særleg av kreft i brysthinna (pleura), malignt mesoteliom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frithjof Gartmann: Sement i Norge 100 år. Oslo 1990
  • Bente Ulvestad, Kristina Kjærheim et. al. Cancer incidence among workers in the asbestos-cement producing industry in Norway. Scand J Work Environ Health 2002;28(6);411-417.