Norsk Fiskeritidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Fiskeritidende var det første fagtidsskriftet for fiskerinæringa i Noreg. Det vart utgjeve i tidsrommet 1882-1930. Fram til og med 1901 kom det ut kvartalvis. Frå 1902 kom det kvar månad.

Utgjevar av tidsskriftet var Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme i Bergen. Selskapet sin sekretær var redaktør. Av stønaden frå staten som selskapet mottok var ein del øyremerkt til Norsk Fiskeritidende. Då denne statsstøtta tok slutt i 1930, slutta tidsskriftet å kome ut.

Dei 49 årgangane var på til saman 22 550 sider. Det har hatt stor verdi som kjeldeskrift om fiskerinæringa for denne tidsbolken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Haaland: «Norges Fiskerimuseum - landets eldste næringsmuseum», i Norges Fiskerimuseum, Årbok 1999