Norsk Folkemusikk- og Danselag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) er ein tidlegare norsk organisasjon med føremål om å ta vare på og fremje norsk folkemusikk og -dans og å sikra utøvarane sine økonomiske, sosiale og kunstnariske interesser.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NFD vart skipa i 1987. Bakgrunnen for skipinga var usemje med leiinga i Landslaget for spelemenn om kva lei norsk folkemusikk var meint å ta. Initiativtakarar til NFD var mellom anna Hallgrim Berg og Hallvard Kaasa.

For å styrkje det internasjonale samarbeidet innan feltet er laget medlem av Nordisk Folkemusikkomite og European Network of Traditional Music and Dance.

NFD er initiativtakar til Norsk Folkemusikkatalog, ein internettbasert utøvarkatalog som er eit samarbeidsprosjekt mellom NFD og Landslaget for Spelemenn (LfS). NFD samarbeider også med LfS om utvikling av Den norske Folkemusikkscena. NFD er initiativtakar til etablering av Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans, ein ny nasjonal institusjon for sektoren.

NFD er rettshavarorganisasjon i GRAMO sin utøvarsektor, og har avtale om samarbeid med MFO (Musikernes fellesorganisasjon). Laget samarbeider med 6 andre organisasjonar om tiltakspakka SAMSTEMT, for å styrke folkemusikken og dansen sin plass i kulturpolitikken.

NFD blei evaluert av Georg Arnestad på oppdrag frå Norsk kulturråd i 2005. Kulturforskar Georg Arnestad gav i evalueringa NFD stor ære for å ha gitt folkemusikk ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden, og for å vere den organisasjonen som sterkast har bidratt til utvikling av viktige fellestiltak innan feltet.[1]

På landsmøtet i 2009 vedtok NFD at det skulle slåast ihop med Landslaget for spelemenn til ein ny fellesorganisasjon, FolkOrg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]