Norsk Folkeparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Folkeparti
LandNoreg
Partileiar(ar)Oddbjørn Jonstad
Grunnlagt1999
Ideologinasjonalkonservatisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Norsk Folkeparti var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 2001. Leiaren var Oddbjørn Jonstad, som i 1999 vart ekskludert frå Framstegspartiet etter å ha foreslått at det burde opprettast eigne statlege leirar for flyktningar og asylsøkjarar, og at flyktningborn skulle nektast å gå på norske skular.[1] Norsk Folkeparti stilte til val i alle fylke i 2001 og Jonstad var toppkandidat i alle fylka.[2] I løpet av valkampen vart partiet meldt til politiet av Antirasistisk Senter for å ha skrive på nettsidene sine at «90 % av alle kvinner på krisesentrene er kvinner som er blitt banket opp av sine muslimske ektemenn.»[3] Saka vart seinare bortlagd.

Ved valet fekk partiet til saman 1 609 røyster, eller 0,06 % av røystene på landsbasis. I 2002 vart partiet splitta: Jonstad vart kasta som leiar og partiet skifta samstundes namn til Nasjonalalliansen, men Jonstad heldt fram som leiar av det som var igjen av Norsk Folkeparti.[4] I 2003, medan han framleis var registrert som leiar av Norsk Folkeparti, stilte han til val for Demokratene ved kommunevalet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. [2]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. august 2006, henta 3. mars 2006 
  4. [3]