Norsk Hydro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsk Hydro
Selskapsform Aksjeselskap
Org.nr. 914778271
Skipa 1905
Styreleiar Terje Vareberg
Adm.dir. Svein Richard Brandtzæg
Tilsette 25 000
Nettstad www.hydro.no
Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg på Herøya i Porsgrunn. Gunneklevfjorden i forgrunnen.

Norsk Hydro (OSE: NHY er eit norsk energiselskap, ofte omtala berre som Hydro. Hydro har 25 000 tilsette, fordelt på verksemd i over 30 land. Selskapet er organisert i divisjonar for Energi og Aluminium. Selskapet er eit Fortune 500-selskap og inngår òg i Dow Jones-indeksen for berekraftige selskap i tillegg til FTSE4Good-indeksen.

Om lag to tredelar av eigarinteressene i Norsk Hydro er på norske hender. Den norske staten eig 43,8 prosent av selskapet.

Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Svein Richard Brandtzæg leier selskapet. I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla, Karmøy, Høyanger, Årdal, Sunndalsøra, Holmestrand, Magnor og Raufoss.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart grunnlagd den 2. desember 1905 av Sam Eyde og Kristian Birkeland med det fulle namnet Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab. Den svenske Wallenberg-familien hjelpte til med å finansiere det nye selskapet. Selskapet var basert på eit patent av Birkeland. Ein lysboge vart nytta til å laga nitrogenbasert kunstgjødsel. Til dette trengde ein elektrisk energi, som vart skaffa ved å byggja ut Svelgfossen ved Notodden.

I 1951 byrja selskapet å produsera magnesium. Det vart vedteke å byggja eit smelteverk for aluminium på Karmøy i 1963. Etter den fyrste konsesjonstildelinga for norsk kontinentalsokkel i 1964 har Hydro bygd opp ei stor petroleumsverksemd. Verksemda førde til ei satsing på petrokjemi. Satsinga på aluminium vart forsterka i 1986 då lettmetalldivisjonen vart fusjonert med Årdal og Sunndal Verk. I 2002 vart tyske Vereinigte Aluminium Werke kjøpt opp. I 2004 vart landbruksseksjonen skilt ut som eit eige selskap og børsnotert under namnet Yara International ASA. Hydro dreiv òg ei tid med fiskeoppdrett. Oppdrettsverksemda vart seld til nederlandske Nutreco i 2000.

Divisjonar[endre | endre wikiteksten]

Olje og energi[endre | endre wikiteksten]

Hydro Olje & Energi var operatør for 15 olje- og gassinstallasjonar fram til 2007, då avdelinga slo seg saman med Statoil og danna StatoilHydro. I 2003 var selskapet sin gjennomsnittlege eigenproduksjon på 530 000 fat olje pr. dag. Det var norsk kontinentalsokkel som var selskapets hovudbase, men Hydro dreiv i tillegg med petroleumsverksemd i Angola, Canada, Russland og Libya. Selskapet var ansvarleg for utbygginga av naturgassfeltet «Ormen Lange-feltet» utanfor Midt-Noreg.

Selskapet har òg verksemd knytt til vasskraft og vindkraft. I tillegg vert det drive med handel knytt til energi over heile Europa.

Hydro Aluminium[endre | endre wikiteksten]

Hydro Aluminium er mellom dei tre største aluminiumsselskapa i verda og har 27 000 tilsette, i hovudsak i Noreg og Tyskland. Selskapet driv med både aluminiumproduksjon og vidareforedling av aluminium. Arbeidet inkluderer både valsing, ekstrudering og støypte komponentar.

Anna verksemd[endre | endre wikiteksten]

Avdelinga for «Andre virksomheter» er definert å liggja utanfor Hydro sine to kjerneområde. Her ligg aktivitetar som Hydro Polymers (petrokjemi), fiskeforprodusenten Biomar, Hydro Business Partner og skadeforsikringsselskapet Industriforsikring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]