Norsk Militært Tidsskrifts medalje for svar på prisoppgåve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stripa som syner at vedkommande har fått Norsk Militært Tidsskrifts medalje for svar på prisoppgåve

Norsk Militært Tidsskrifts medalje for svar på prisoppgåve vart stifta av Kristiania militære samfund den 20. juli 1860 til fremjing av militær vitskap.

Det skal kvart år settast opp fire oppgåver. Dei godkjende svara skal lønast med ein medalje i gull eller sølv etter kvaliteten på svaret. Opphavleg var det òg ein pengepremie knytt til prisen, men denne gjekk vekk 1. januar 1878. Medaljen vert delt ut på stiftingsdagen til samfunnet, 1. mars. På aversen har medaljen ei framstilling av Palas Athene i lag med ei løve og ei ugle. På reversen er det ein eike- og laurbærkrans som slynger seg om orda «MILITAIRE TIDSSKRIFTS PRISMEDAILLE». Mottakaren sitt namn og årstalet for tildelinga er gravert inn på randa. Han skal berast i eit band med dei norske fargane i like store striper i rekkjefølgja raudt, kvitt, blått, kvitt og raudt.