Norsk Retstidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk Retstidende
Oppretta1836

Norsk Retstidende er ein norsk publikasjon som blei gjeven ut på papir frå 1836 til 2015. Han blei gitt ut av Den Norske Advokatforening, og inneheld dei aller fleste dommane frå Den norske høgsteretten og ankeutvalet til høgsteretten. Frå 2016 har publikasjonen kome ut elektronisk som pdf-fil og e-bok frå Lovdata.[1]

Publikasjonen har hatt namnet Norsk Retstidende sidan 1909, men har hatt føregangarar tilbake til 1836. Han inneheldt dei fleste dommane og orskurdane frå Høgsterett og Høgsteretts ankeutval. Tidlegare inneheldt Norsk Retstidende også juridiske artiklar. Til og med 1969 blei også juridiske kandidater sine eksamenskarakterar publisert i Norsk Retstidende.

Sjølv om Lovdata i dag i stor grad har overteke Retstidende si rolle som kjelde for avgjerder frå Høgsterett, er det framleis vising til års- og sidetal i Retstidende som blir brukt til å identifisere ei avgjerd. Til dømes viser ein til «Rt. 1975 s. 220 (husmordommen)». Med dette meiner ein at dommen står i Retstidende frå 1975 på side 220. Namnet i parentes er eit eksempel på eit «kallenamn», som gjer det lettare å hugse dommen, og på denne måten også vise til han. Ein kan vise til dommen berre som «Rt. 1975 s. 220», som er det mest formelle. Ein kan også vise til han med berre kallenamnet «husmordommen», noko som er mindre formelt og mest vanleg å gjere viss det er snakk om svært kjende dommar. Ein kan også bruke beggge delar. «Rt. 1975 s. 220» kan også skrivast som «Rt. 1975-220».

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norsk Retstidende». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 11. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]