Norsk Salmehistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Salmehistorie er oppslagsverk utgjeve i 1879 og 1880, forfatta av sokneprest J.N. Skaar. I verket vert historia til dei 634 salmane i Landstads kirkesalmebog drøfta over ca. 1350 sider. Vidare er det bruka om lag 45 sider på å gje ein kortfatta biografi over dei 21 norske salmediktarane som har skrive salmar i salmeboka.

I Norsk Salmehistorie finn vi for kvar salme fyrst salmen i originaltekst, i den eldste kjende forma. Eit unntak for denne regelen har Skaar gjort når han veit kva for versjon omsetjaren har nytta, då har han trykt denne teksten, med opplysningar om avvik frå opphavleg originaltekst. For mange av salmane finn vi opplysningar om bakgrunnen til salmen, og i nokre høve ein kort omtale av salmediktaren.

Vidare er det nemnt kva for salmebøker salmen er med i, og kva for redaksjonelle endringar som er gjort i salmetekstane i dei ulike salmebøkene. Norsk Salmehistorie har òg opplysningar om dei brukte melodiane.

Forordet til Norsk Salmehistorie er trykt fremst i andre bandet, og datert Gjerpen prestegard St. Hans Dag 1880.

Ved å knyte dette hymnologiske verket til Landstads Kirkesalmebog, var Skaar med å favorisere denne salmeboka i kappløpet med Hauges Salmebok, som han sjølv hadde vore medarbeidar til. Norsk Salmehistorie var det fyrste salmehistoriske verket som vart skrive i Noreg, og det har vore eit verdfullt kjeldeskrift for alle seinare norske salmehistorikarar.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]