Norsk Sjømålmissil (NSM)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Sjømålmissil (NSM) (Naval Strike Missile) er eit norskprodusert sjømålsmissil og kryssarmissil produsert av Kongsberg Defence System sitt. NSM vart starta opp som utviklingsprosjekt for Sjøforsvaret, med føremål å utvikla ein mellomdistanse-kryssarmissil for maritime mål, men vart f.o.m 2016 òg operativt som kryssarmissil mot mål på land.[1]

Missilet har vorte utvikla gjennom 13 år, og har som føremål å treffa mål på lang avstand med stor presisjon.[2] Det har kosta Noreg to milliardar kroner og elleve prøveoppskytningar å utvikla våpenet. Opphavleg namn på prosjektet NSM var «Nytt sjømålsmissil». Det har òg vorte omtalt som «Norsk sjømålsmissil». Seinare vart det gjevne marknadsnamnet «Naval Strike Missile».

Missilet var opphavleg tiltenkt bruk på #den nye missiltorpedobåtane til sjøforsvaret av Skjold-klassa, men er no òg installert på dei nye fregattane av Fridtjof Nansen-klassa. Missilet har nyutviklet stridshovud av same storleik og vekt som dei eldre Penguin-missila, men det er meir effektivt og slagkraftig. I tillegg har NSM ein passivt termisk bildedannande søkjar, som tyder at missilet styrer seg inn mot - og registrerar varmeutstråling over eit stort område, og deretter kalkulerar vegen til målet sjølv. På denne måten kan det mellom anna skilje mellom ulike fartøy og unngå å treffa sivile fartøy. Produsenten seier at missilet skal ha ei rekkevidde på 185 km.

NSM er levert til Polen som ein del av eit mobilt kystartillerisystem der missila skal avfyrast frå lastebilar. Kontrakten, som har ein verdi på 800 millionar kroner, vart skrive i slutten av 2008 og leveransen skulle vera ferdigstilt før utgangen av 2012.[3] Kontrakten vart utvida i desember 2011 med verdi på ytterlegare 712 millionar kroner.[4]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

NSM
Opphavleg variant i serieproduksjon for bruk frå skip. Kan òg brukast frå lastebil.
Joint Strike Missile
Framtidig multirolleversjon spesielt for Lockheed Martin F-35 Lightning II (Joint Strike Fightar). Ifølgje KDA er JSM det einaste kryssarmissilet som får plass i F-35s interne våpenstasjonar. To stykke kan berast internt, medan 4 kan berast under vingane. Prosjektet er finansiert av Noreg og Australia.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. VG.no
  2. Dette er fredsnasjonen Noreg sitt nye suparvåpen
  3. NSM contract valued at MNOK 800 with Poland
  4. NSM missilkontrakt i Polen godkjend
  5. Sign joint marketing agreement
  6. Norway pushes naval strike missile for JSF

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]