Tekstilindustrimuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk Trikotasjemuseum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°30′29.027″N 5°16′18.718″E

Tekstilindustrimuseet
Nordre Salhus.JPG
Gamle Salhus Tricotagefabrik der
Tekstilindustrimuseet held til i dag.
StadBergen kommune

Tekstilindustrimuseet
60°30′29″ N 5°16′19″ E

Tekstilindustrimuseet er eit museum i Salhus, i Åsane bydel i Bergen, 22 km frå Bergen sentrum. Museet held til i dei gamle fabrikkbygningane til Salhus Tricotagefabrik, eit nasjonalt teknisk-industrielt kulturminne, og arbeider med formidling, dokumentasjon og forsking på norsk trikotasje- og tekstilindustri. Det vart stifta i 1992 under namnet Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter, og opna offisielt for publikum i 2001. I 2020 vart fabrikkanlegget freda, og museet skifta namn til Tekstilindustrimuseet.[1]

Frå trikotasjefabrikk til museum[endre | endre wikiteksten]

Historia om museet er direkte knytt til Salhus Tricotagefabrik. Salhus Tricotagefabrik vart etablert i 1859, og var ein av dei første trikotasjefabrikkane i Noreg. Fabrikken var i drift fram til 1989, og det var i samband med nedlegginga av fabrikken at ideen om eit museum vart realisert.

Allereie midt på 1980-talet var det krefter i museums- og kultursektoren som så kva veg det gjekk med norsk tekoindustri, det vil seie tekstil-, konfeksjons- og skotøyindustrien. Dei såg verdien av å ta vare på den lange historia til tekstilindustrien i landet, spesielt i bergensområdet, som hadde vore eit kjerneområde for industrien i Noreg. Den gongen hadde Norsk kulturråd eit eige utval for såkalla teknisk-industrielle kulturminne, noko som vitnar om at dette var ei tid då industrien generelt var i ferd med å bli rekna som ein del av kulturarven.

Riksantikvaren si verneliste[endre | endre wikiteksten]

Nokre år seinare kom Riksantikvaren på bana med ei verneliste for ti prioriterte nasjonale industriminne, som blant anna omfatta Salhus Tricotagefabrik. I 1987 tok Norsk kulturråd initiativ til å få utarbeidd ein plan for vern av maskiner, anlegg og miljø frå trikotasjeindustrien i Hordaland, og det vart sett i gang eit utgreiingsarbeid i heile fylket via Fylkeskonservatoren i Hordaland. Som ein del av prosessen vart det gjort ei registrering av anlegg, maskiner og miljø ved ullvare- og trikotasjefabrikkar i Hordaland, samtidig som ein skulle vurdere kva anlegg i tekoindustrien som kunne vere eigna som verneobjekt. Nokre rammer for å vurdere dette spørsmålet var allereie fastsette. Utvalet for teknisk-industrielle kulturminne i Norsk kulturråd konstaterte at Bergen og regionen rundt hadde vore eit kjerneområde i norsk tekstilindustri, og at det difor var naturleg å finne eit verneobjekt der.

Rundstrikkemaskiner på strikkeloftet i tidlegare Salhus Tricotagefabrik.

Autentisk fabrikkmiljø[endre | endre wikiteksten]

Fylkeskonservatoren i Hordaland peika ut Salhus Tricotagefabrik som det mest aktuelle verneobjektet: fabrikken låg i eit meir eller mindre autentisk miljø, med intakte arbeidarbustadar, skulehus og gamleheim. Dessutan var heile produksjonslinja intakt, slik at ein kunne følgje heile produksjonsprosessen frå råull/bomull til ferdige plagg. I utgreiingsarbeidet vart det òg lagt vekt på at maskiner, utstyr og arkiv frå fabrikken var meir eller mindre intakt. Det gav Salhus Tricotagefabrik stor vitskapleg verdi, då maskinene kunne vise den teknologiske utviklinga i bransjen, og arkivmaterialet gav grunnlag for historisk forsking basert på primærkjelder. Dermed låg alt til rette for etableringa av eit museum i Salhus, og i 1992 vart Stiftelsen Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter etablert.

Vegen fram til opninga av museet[endre | endre wikiteksten]

På dette tidspunktet var all drift ved trikotasjefabrikken innstilt, og ein måtte starte eit stort arbeid med restaurering, opprydding og kartlegging i dei gamle fabrikklokala. Delar av fabrikkbygningen var i dårleg stand, og vedlikehald av bygningsmassen er framleis ein av dei meste arbeidskrevjande oppgåvene ved museet. 1990-talet vart først og fremst ein etableringsfase fram til museet opna dørene for publikum i 2001.

Samlingane[endre | endre wikiteksten]

Då fabrikken la ned var maskinene og store delar av arkivet til Salhus Tricotagefabrik intakt. Samlingane til museet rommar produksjonslokala til Salhus Tricotagefabrik og fleire bygningar knytt til fabrikkdrifta: arbeidarbustad (1860), skulehus (1873), lærarbustad og den første direktørbustaden. Sistnemnde vart seinare gamleheimen Kveldheim for arbeidarar ved fabrikken, og husar no administrasjonen til Museumssenteret i Hordaland. Bygningsmassen inneheld 31 bygg med ei samla golvflate på rundt 10.000 kvadratmeter (inkludert bygningsmassen til Bevaringstenestene). Museet tek òg vare på klede og tekstilar som vart produserte ved fabrikken i Salhus, blant anna undertøymerket Krone Maco.

Maskinparken[endre | endre wikiteksten]

Museet tek vare på maskiner til ulike prosessar i produksjonen av strikka tekstilar, frå ullmottak, vasking, farging, karding, spinning, spoling og strikking, til tilskjæring, sying, kvalitetskontroll, pakking og emballering. Desse kjem hovudsakleg frå fabrikken i Salhus, men òg frå andre tekstilfabrikkar i bergensregionen og andre delar av landet. Samlinga inneheld rundt 150 strikkemaskiner, 200 symaskiner og 50 maskiner til andre prosessar i garn- og tekstilproduksjon. Rundt 160 av desse er utstilte i produksjonslokala.

Norsk Trikotasjemuseum forvaltar òg broderi, bedrifts- og mønsterarkiv frå broderifirmaet Gunnar Pedersen A/S (1915–86). Firmaet hadde hovudkontor i Oslo, og produserte og selde handarbeidsmønster, garn og utstyr, hovudsakleg til broderi, til forhandlarar og gjennom vekepressa.

Formidling[endre | endre wikiteksten]

Tekstilindustrimuseet tilbyr omvisingar i tidlegare Salhus Tricotagefabrik som følgjer produksjonslina i fabrikken, frå ull til ferdig plagg, via karding, spinning, strikking og sying. Utviklinga av Salhus som industristad og den industrielle vinklingen står i fokus: korleis maskinene i fabrikken endra produksjons- og arbeidstilhøva frå det førindustrielle samfunnet til den industrielle revolusjonen.

Konsolidert i Museumssenteret i Hordaland[endre | endre wikiteksten]

Fabrikkanlegget i Nordre havn i Salhus husar i dag fleire avdelingar i Museumssenteret i Hordaland, inkludert Tekstilindustrimuseet, som kanskje er den best kjende blant publikum i Bergen. Museumssenteret i Hordaland rommar i tillegg Havråtunet på Osterøy, Osterøy museum og Kulturvernstenesta i Nordhordland, LyngheisenteretLygra i Lindås, Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta på Radøy, Bevaringstenestene og administrasjonen i det konsoliderte museet – dei to siste lokalisert i gamle Salhus Tricotagefabrik saman med Tekstilindustrimuseet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Salhus Tricotagefabrik er freda - Tekstilindustrimuseet», muho.no (på norsk), henta 18. desember 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]