Norsk bergindustrihistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk bergindustrihistorie utgjer størstedelen av norsk industrihistorie. Bergverk er ei primærnæring, men sekundærnæringar som smelteverk og verkstadindustri voks opp rundt gruvene. Lokalt bar dermed verksemda preg av industriverksemd.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora av metallutvinning i Noreg finst i Oslofeltet der det truleg vart skjerpt på sølv og jarn frå 1200-talet. I mellomalderen var oftast kalkstein eller kleberstein byggemateriale for kyrkjer, mellom anna Nidarosdomen.

1500-talet[endre | endre wikiteksten]

Den første ordinære gruva var Gullnes Kobberverk i Telemark 1524-1537. I 1538 oppstod dei første mutingssetlar for skjerping. I 1539 vart den første bergordninga innført. Akersberg gruve og gruvene i Telemark er nemnt i publikasjonen til Georgius Agricola i 1556. Fossum jernverk i Skien vart skipa i 1542 og Hakadal omtrent samstundes. Ei tid var det 18 små jernverk i drift på mellom anna Næs, Fossum, Ulefoss, Fritzøe, Bærum, Eidsvoll og Froland. Dei var baserte på trekolsmelting. På Ytterøy i Trondheimsfjorden vart det utvunne kopar tidleg på 1500-talet.

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Koparførekomstane i Trøndelag vart drive frå byrjinga av 1600-talet; Kvikne kobberverk 1630, Røros Kobberverk 1644, Løkken Verk 1652, Selbu 1713 og Folldal 1741. Den første effektive masomn vart reist ved Bærums Verk i 1622. Sølvførekomsten i Sandsvær i Kongsberg vart funne i 1623.

Bygningsstein frå fjordane langs sørlandskysten vart eksportert til mellom anna Amsterdam. I 1675 vart det funne koparførekomstar ved ÅsterudtjernHolleia i Ringerike.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

I åra 1737-1815 vart alunskifer brote ved Alunverket i Ekebergskrenten i Oslo. Frå 1753 vart marmor drive i Lier, mellom anna til Marmorkirken i København. Farrisdammen i Larvik vart bygd i betong i 1767. I 1773 vart Blaafarveværket etablert for utvinning av kobolt. I 1789 vart gruvene ved Åsterudtjern på Holleia i Ringerike utvida for produksjon av kobolt.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Frå 1842 vart nordmarkitt frå Grefsen og Grorud i Christiania nytta til bygningar i Hamburg og til Oscarsborg festning. Frå 1870-talet var iddefjordsgranitt dominerande som bygningsstein. I 1840-50-åra vart svovelkis teke ut frå Ytterøen gruver for produksjon av svovelsyre ved Leren Kromfabrikk i Trondheim. Produksjon av svovelsyre kom i gang ved Lysaker Chemiske Fabrik i 1858. Svovelkis vart brote frå 1865 på Vigsnes og seinare på Varaldsøy og på Stord. Sulitjelma Gruber kom i drift i 1888. På 1890-talet følgde Kjøli gruve og Killingdal grube nord for Røros, ca 1900 Løkken Verk og Folldal Verk. På 1800-talet fekk koboltproduksjonen eit oppsving, og etterkvart kom òg nikkelgruver i drift: Ringerike Nikkelverk, seinare i Bamble, Askim, Sigdal, Evje og tilslutt Senja og Skjækerdalen. Leeren Chromfabrik ved Lerfossen i Trondheim starta produksjon av krom-fargar i 1837 og kjøpte krom frå Feragenfeltet ved Røros og Alvdal. På midten av 1800-talet vart ei stor mengd apatitt-førekomstar funne og utnytta i Kragerø-området til gjødsel-produksjon. I 1872 vart apatittførekomstar funne i Ødegården i Bamble.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Norsk Jernverk vart skipa i 1946 og starta drift på magnetitt og hematitt i Mo i Rana i 1964 på malm frå Dunderlandsdalen. A/S Sydvaranger (1907) vart Noregs største bergverk. På byrjinga av 1900-talet vart titan-malm brote i Kragerøfeltet. Rutil kom frå mellom anna Blåfjell gruver i Sogndal, frå 1916 ilmenitt frå Storgangen i Egersundfeltet og frå 1960 Tellnes. På byrjinga av 1900-talet vart ei rekkje molybden-førekomstar sett i produksjon, som i Kvina og Knaben, og i Telemark med Dalen og Bandaksli. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS vart stifta i 1916. I 1931 vart det bygd eit smelteverk i Thamshavn der svovel vart utvunnet direkte frå svovelkis. Frå 1950-talet vart ei rekkje kis- og koparførekomstar sett i produksjon: Bleikvassli, Skorovas, Tverrfjellet, Bidjovagge, Joma, Lergruvbakken på Røros og Repparfjord. I 1988 starta Nikkel og Olivin AS brot på noritt i Ballangen i Nordland for utvinning av nikkel, kopar, olivin og pukk.

I dag gjev naturstein størst inntekter frå bergindustrien med larvikitt (1906), iddefjordsgranitt og granitt frå Flisa og Trysil. Skifer blir brote på Otta og i Oppdal. I Trøndelag og Nordland gjev marmor størst eksportinntekt. I Alta blir det brote kvartsskifer. I Hellvik mellom Egersund og Sirevåg blir det drive ut kvitstein i form av labradoritt, som blir knust til singel og eksportert til fleire land, der han blir brukt til vegdekke (kvit asfalt) og i bygningsindustrien. Det meste av kalksteinen i Noreg går til sementproduksjon. Franzefoss Bruk A/S tek ut kalk i Brevik og Bærum. I Møre og Romsdal blir det produsert hustadkalk. Vidare blir kalk produsert i Verdal i Trøndelag, og i Nordland blir det produsert kalk frå Drevja i sør til Kjøpsvik i nord. Norsk Jernverk driv òg eit kalkbort i Mo i Rana. A/S Olivin vart etablert i 1948 og starta uttak av olivin (dunitt) i Vanylven. Kvarts og feltspat med høg reinleik til porselen-produksjon er teke ut på begge sider av Oslofjorden sidan 1700-talet. Pegmatitt-gangar gjev råstoff til blant anna Porsgrunds Porselænsfabrik AS som vart skipa i 1885. Dei seinare åra blir det i staden brukt nefelinsyenitt til keramisk industri. På Stjernøy i Troms starta North Cape Minerals AS produksjon i 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]