Norsk flora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk flora er ein flora forfatta av Johannes Lid med teikningar av Dagny Tande Lid. Førsteutgåva kom i 1944, og floraen har fått ein posisjon som standardverket innan norsk botanikk. Floraen er skriven på nynorsk, og Det Norske Samlaget er forleggar.

Den siste (åttande) utgåva av Norsk flora dekkjer ville plantar i Noreg med dei arktiske øyane Jan Mayen, Svalbard og Bjørnøya.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Første utgåve kom ut i 1944 med tittelen Norsk flora.[1] Boka er på 637 sider. Ho har eit enkelt, ufarga pappomslag med grøn tekst og teikning av fjellvalmue (P. radicatum) på fronten. Berre Johannes Lid er oppført på fronten, men på tittelsida inne i boka står det «Med teikningar av Dagny Tande Lid».

I 1952 kom andre utgåva med 771 sider.[2]

I 1963 kom tredje utgåva, denne gongen som Norsk og svensk flora,[3] med 800 sider. Alle plantane i floraen er oppførte med latinske namn, dei fleste dessutan òg med norske og svenske arts- og familienamn.

I 1974 kom fjerde utgåva av Norsk flora, som andre utgåva av Norsk og svensk flora, med 808 sider. Denne boka vart utgjeven ved Olav Gjærevoll og har ISBN 82-521-0297-2.[4]

I 1985 kom femte utgåva, også no ved Olav Gjærevold, no som Norsk, svensk og finsk flora, og ISBN 978-82-521-2207-7[5] med 837 sider.

I 1994 kom sjette utgåva, som Norsk flora ved prof. Reidar Elven, Botanisk museum i Oslo. Denne utgåva har LXXIII + 1014 sider og ISBN 82-521-3754-7.[6]

I 2005 kom sjuande utgåva, også den som Norsk flora ved prof. R. Elven. Denne floraen har i alt 1230 sider, og ISBN 978-82-521-6029-1[7]

I 2022 kom åttande utgåva, no med Reidar Elven med fleire som forfattarar. Denne floraen har i alt 1255 sider, og ISBN 978-82-521-9862-1[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lid, J. (1944). Norsk flora (1. utg.). Samlaget. 
  2. Lid, J. (1952). Norsk flora (2. utg.). Samlaget. 
  3. Lid, J. (1963). Norsk og svensk flora (3. utg.). Samlaget. 
  4. Lid, J. og D. T. Lid (1974). O. Gjærevoll, red. Norsk og svensk flora (4. utg.). Samlaget. ISBN 82-521-0297-2. 
  5. Lid, J. og D. T. Lid (1985). O. Gjærevoll, red. Norsk, svensk, finsk flora (5. utg.). Samlaget. ISBN 978-82-521-2207-7. 
  6. Lid, J. og D. T. Lid (1994). R. Elven, red. Norsk flora (6. utg.). Samlaget. ISBN 82-521-3754-7. 
  7. Lid, J. og D. T. Lid (2005). R. Elven, red. Norsk flora (7. utg.). Samlaget. ISBN 82-521-6029-8. 
  8. Elven, R. mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Samlaget. ISBN 978-82-521-9862-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]