Norsk Folkehjelp
Norsk Folkehjelp | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 871033552 | ||
Skipa | 7. desember 1939 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Generalsekretær | Per Nergaard | ||
Medlemmer | 16 000 | ||
Undergrupper | Norsk Folkehjelp Sanitet
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Norsk Folkehjelp Sanitetsungdom | ||
Nettstad | https://folkehjelp.no ![]() |
Norsk Folkehjelp er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon som vart skipa i 1939 som den humanitære og partipolitisk uavhengige solidaritetsorganisasjonen til den norske fagrørsla.[1] Han har som oppgåve å syne internasjonal solidaritet i praksis ved å støtte utsette grupper som til dømes urfolk, fattige bønder, kvinner og ungdom, slik at dei sjølv vert i stand til å fremje interessene sine. Organisasjonen legg difor stor vekt på å finne dei rette samarbeidspartnarane i landa dei er engasjerte i, og gjere det mogleg for dei å drive arbeidet vidare sjølve.
Organisasjonen er engasjert i meir enn 35 land[1] og arbeider for rettferdig fordeling av makt og ressursar og vern om liv og helse ved å arbeide internasjonalt med langsiktig utviklingsarbeid, med rydding av eksplosiv og miner etter krig og konflikt, og med hjelpearbeid der det er akutt naud. Norsk Folkehjelp har arbeidd seg opp til å verte ein av dei fremste organisasjonane i verda på sivil, humanitær rydding av landminer, og har arbeidd aktivt både i Noreg og internasjonalt for å få til internasjonale forbod mot å lage og nytte landminer og klasevåpen.
Norsk folkehjelp er partipolitisk uavhengig, men ikkje politisk nøytral.[2] Organisasjonen tek standpunkt i viktige samfunnsdebattar, og kan velje lokale samarbeidspartnarar som kan stå i opposisjon til, eller vere i konflikt med, makthavarane i landet sitt.
I Noreg driv Norsk Folkehjelp sanitets- og redningsteneste, og flyktning-, asyl- og integreringsarbeid.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Om Norsk Folkehjelp», Norsk Folkehjelp (på norsk bokmål), henta 19. februar 2025
- ↑ «Politiske posisjoner», Norsk Folkehjelp (på norsk bokmål), henta 19. februar 2025
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |