Norsk folkemusikkformidling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk folkemusikkformidling (NFF) er Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) sin arrangør- og formidlingsorganisasjon. Norsk folkemusikkformidling blei etablert som eigen verksemd under NFD i 1992.

NFF har som mål å:

  • gjere norsk folkemusikk kjend og etterspurd i større delar av marknaden,
  • arbeide for eksport av folkemusikk og folkedans,
  • samarbeide over sjangergrensene og knyte kontaktar til ulike kulturinstitusjonar,
  • samarbeide med andre organisasjonar for å styrkje formidlinga av folkemusikk og folkedans,
  • fungere som ei informasjonskilde om norske folkemusikarar ovanfor arrangørar og media,
  • vere rådgjevar for artistar i samband med prosjektutvikling, turnéverksemd, søknadsskriving,
  • bistå utvalde artistar med kontraktering og turnélegging i utlandet

Norsk folkemusikkformidling har gjennom åra formidla mange speleoppdrag årleg for norske artistar og bygd opp eit stort nettverk i musikkbransjen både nasjonalt og internasjonalt. Dei legg fokus å arbeide for dei profesjonelle utøvarane og bidra til å gjere det mogleg å leve av å vere folkemusikar på fulltid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]