Norsk fotball 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk fotball 1990
Herrar
Seriemeister Rosenborg
Cupmeistrar Rosenborg
Kvinner
Seriemeister Sprint-Jeløy
1989 1991

I norsk fotball 1990 var Rosenborg det store laget på herresida, med siger både i serie og cup. På kvinnesida vart serien vunnen av Sprint-Jeløy, medan Asker vann cupen.

Herrelandslaget[endre | endre wikiteksten]

Landslaget byrja året leia av Ingvar Stadheim. Stadheim trekte seg i oktober, og vart etterfølgd av Egil «Drillo» Olsen. Landslaget gjorde det straks betre under Olsen, og dei tre første kampane under «Drillo» enda med tre sigrar og tolv mål.

Kvalifiseringa til EM i fotball 1992 byrja dette året. Noreg hamna i gruppe med Sovjetunionen, Italia, Ungarn og Kypros. Ved utgangen av året hadde Noreg éin siger, éin uavgjort og eitt tap. Italia leia kvalifiseringsgruppa, men berre eitt poeng skilte Italia, Ungarn, Sovjet og Noreg.

Dato Arena Motstandar Res.* Konk. Norske mål Kr.
4. februar Ta'Qali stadion, Valletta Flagget til Sør-Korea Sør-Korea 3–2 P Ørjan Berg, Bent Skammelsrud, Rune Tangen NFF
7. februar Ta'Qali stadion, Valletta Flagget til Malta Malta 1–1 P Jan Åge Fjørtoft NFF
6. juni Lerkendal stadion, Trondheim Flagget til Danmark Danmark 1–2 P Jørn Andersen NFF
22. august Stavanger stadion, Stavanger Flagget til Sverige Sverige 1–2 P Jørn Andersen NFF
12. september Sentralstadion, Moskva Det sovjetiske flagget Sovjetunionen 0–2 EM NFF
10. oktober Brann stadion, Bergen Flagget til Ungarn Ungarn 0–0 EM NFF
31. oktober Bislett stadion, Oslo Flagget til Kamerun Kamerun 6–1 P Rune Bratseth, Lars Bohinen, Tore André Dahlum, Jan Åge Fjørtoft (2), Gøran Sørloth NFF
7. november Municipal st., Bizerte Flagget til Tunisia Tunisia 3–1 P Tore André Dahlum, Kåre Ingebrigtsen, Tore André Dahlum NFF
14. november Makario stadion, Levkosía Flagget til Republikken Kypros Kypros 3–0 EM Gøran Sørloth, Lars Bohinen, Sverre Brandhaug NFF

* Noregs mål først

Forklaring:

  • Kr. = Kamprapport
  • P = Privatlandskamp
  • EM = EM-kvalifiseringskamp

Noregsmeisterskapen for menn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1990.

NM-finalen vart spelt mellom Rosenborg og Fyllingen. Rosenborg vann 5-1, etter scoringar av Karl Petter Løken (2), Gøran Sørloth, Jahn Ivar Jakobsen og Kåre Ingebrigtsen.

1. divisjon herrar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå 1. divisjon fotball for herrar 1990.

Rosenborg vann serien to poeng føre Tromsø. Tore André Dahlum (Start) vart toppskårar med 20 mål.


# Lag K S U T Mål ± P
1 Rosenborg 22 13 5 4 60–24 36 44
2 Tromsø 22 12 6 4 36–21 15 42
3 Molde 22 12 4 6 34–29 5 40
4 Brann 22 11 6 5 34–25 9 39
5 Viking 22 10 5 7 41–30 11 35
6 Start 22 9 4 9 39–34 5 31
7 Fyllingen 22 7 7 8 23–30 −7 28
8 Kongsvinger 22 7 6 9 24–32 −8 27
9 Strømsgodset 22 8 3 11 29–45 −16 27
10 Lillestrøm 22 7 4 11 30–30 0 25
11 Vålerenga 22 4 4 14 26–53 −27 16
12 Moss 22 3 4 15 24–47 −23 13

Noregsmeisterskapen for kvinner[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå NM i fotball for kvinner 1990.

Asker møtte Sprint-Jeløy i finalen føre 2451 tilskodarar på Bislett. Asker vann 5–1, og revansjerte dermed Sprint-Jeløys seriegull.

1. divisjon kvinner[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå 1. divisjon fotball for kvinner 1990.

1. divisjon for kvinner vart særs jamn, men Sprint-Jeløy enda opp med sigeren eitt poeng føre Asker. Petra Bartelmann (Asker) vart toppskårar med 23 mål.